Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i nanofysikk

Søknadsfrist: 01.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i nanofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er finansiert gjennom Equinor Akademiaavtalen og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Yteevna, og dermed energiavlinga, til vindturbinar er svært avhengig av integriteten til overflata til forkanten (leading edge) av turbinblada. Luftborne partiklar, spesielt regndråpar vil gjere at blada over tid eroderer. Dette er spesielt relevant i høg-fart rotortip regionen, og i denne regionen kan avanserte offshore vindturbinar overskride 80 m/s.

For å hemme eller minimere effektane nemnt over brukar ein elastomeriske belegg som beskyttar forkanten. Levetida til desse belegga er avgrensa og kan ikkje bestemmast nøyaktig. Den dominerande mekanismen som fører til erosjon på forkanten er svekking av materiale grunna gjentatt belastning, det er dermed viktig å søkje etter nye belegg som kan auke levetida til vindturbinblada.

Målet med dette prosjektet er å undersøkje og utvikle eit nytt Chemical Vapor Deposition (CVD) polykrystallinsk diamantbelegg på karbonfiber komposittmateriale som eit potensielt beskyttande belegg for forkanten til vindturbinblada. Fokuset vil vere å bestemme den beste beleggmorfologien med maksimal adhesjon- og slitestyrke. Til dette føremålet er det nødvendig å gjennomføre systematiske slit-testar i kombinasjon med simuleringar. Dette er viktig for å forstå korleis regndråpar fører til erosjon på eit fundamentalt nivå.

Prosjektet vil vere ein del av den interdisiplinære Bergen Offshore Wind Centre BOW. Hovudrettleier er Professor Bodil Holst ved UiB. Seniorforskar Dr. Charlotte Hasager, Danmarks Tekniske Universitet, Avdeling for Vindenergi, og Dr. Justas Zalieckas vil vere medrettleierar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i fysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.03.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar bør kunne starte i stillinga 1.4.2020
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Dokumentert erfaring med vitskaplege publikasjonar i form av fagfellevurdert publikasjon er ein stor fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • Grunna den interdisiplinære, industrinære naturen av prosjektet er det ein stor fordel om søkjarar mestrar norsk, men dette er ikkje eit absolutt krav

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga.

Søkjarar må kunne dokumentere (e.g. gjennom publikasjonar)

  • Erfaring med utvikling og testing av belegg
  • Erfaring med studiar av fuktseigenskapar, såkalla «wetting properties»

Det er ein fordel om søkjarar har:

  • Erfaring innan modellelring og simulering
  • Erfaring med verktøy for design av eksperimentelt utstyr i.e. labview, CAD-teikning etc.
  • Erfaring innan nanoskala eller anna material-karakteriseringsteknikkar, til dømes elektronmikroskopi, atomkraft mikroskopi, røntgendiffraksjon, elektrisk karakterisering, tomografi

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.03.2020.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS