Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i molekylær parasitologi og fiskeimmunologi

Søknadsfrist: 07.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i molekylær parasitologi og fiskeimmunologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i molekylær parasitologi og fiskeimmunologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til det eksternfinansierte prosjektet ModuLus.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil tilhøyre forskningsgruppa Sea Lice Research Centre, der alle har lang og brei erfaring med lakselus. Prosjektet skal sjå nærmare på parasitt-vert interaksjonen mellom lakselus og laks, der lakselusa sitt kjertelsekret vil vere eit sentralt tema i prosjektet. Å karakterisere protein som er viktig i lakselus-laks interaksjonen, kartlegge kva for gen hos laks som blir regulert av desse kjertelproteina samt identifisere kva immunceller lakselusa sine kjertelprotein modulerer kan vere aktuelle oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fiskehelse, molekylærbiologi eller biologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 01.09.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå molekylærbiologisk laboratoriearbeid er eit krav
  • Erfaring med immunologi, fisk og/eller lus er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar bør ha gode norskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.09.2019.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Aina-Cathrine Øvergård, Institutt for Biovitenskap, tlf +4795111691, eller
  • Professor Frank Nilsen, Institutt for Biovitenskap, +4755584412

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS