Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i mikrobiell økologi og evolusjon

Søknadsfrist: 01.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiell økologi og evolusjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til det eksternfinansierte prosjektet SIMPLEX.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er del av forskingsprosjektet SIMPLEX («Self-similarity in ecosystem organization – From simple laws of microbial ecology to scale-invariant theory of ecosystem complexity»), som er finansiert av Trond Mohn Stiftelsen og Universitetet i Bergen. SIMPLEX undersøker korleis komplekse næringsnett og økosystem kan oppstå basert på enkle økologiske mekanismar. Avveging mellom livstrategiar som god evne til å konkurrere eller forsvare seg mot predasjon er sentralt for teorien som utvikles i prosjektet. I stillinga jobbar kandidaten med modeller som simulerer evolusjon av mikrobielle næringsnett. Nærmare vil kandidaten utvikle evolusjonære algoritmar til å studere om enkle avveging genererer fraktal-liknande strukturer i næringsnett.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i teoretisk biologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 01.08.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med programmering er eit krav
  • Forståing av mikrobiell økologi og evolusjon vil bli lagt vekt på
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav: Stillinga krev evne og motivasjon til å jobbesjølvstendig og engasjere seg i gruppa sine forskingsaktiviteter ved Institutt for biovitenskap.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400 brutto (for stipendiatstillingar er det vanleg å lyse ut med kun eit lønstrinn). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradseksamen vil vere fullført innan 1. august 2019
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Selina Våge, Institutt for biovitenskap, UiB. E-post: selina.vage@uib.no, skypenavn: selina.vaage, tlf: +4794213581

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS