Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i matematisk modellering av biologi

Søknadsfrist: 25.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt (http://www.uib.no/math/en) er det ledig ei stilling som stipendiat i matematisk modellering av biologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 eller 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dette er ei utdanningsstilling som skal gi lovande kandidatar ei forskarutdanning på høgt nivå og føre fram til ein doktorgrad. Stipendiaten vil utforske åtferda til mitokondria, essensielle organellar som spelar ei avgjerande rolle i biologi, medisin og landbruk. Grunna deira fascinerande evolusjonære historie beheld mitokondria sine eigne genom, som eksisterer i dynamiske populasjonar i moderne celler og kan gjennomgå mutasjonar. Dynamikken til desse muterte populasjonane har ei sentral betydning i øydeleggjande menneskelege sjukdommar, i framdyrking av effektive nyttevekster og i den breiare evolusjonen av komplekst liv.

Stipendiaten vil utvikle og gjere bruk av matematiske modellar for å kaste nytt lys over dynamikken til mitokondriapopulasjonar, og vil ved hjelp av statistikk og dataanalyse knyte desse modellane til empiriske data. Stipendiaten vil nyte godt av eit utprega multidisiplinært arbeidsmiljø, og arbeide ved sida av forskarar som studerer både grunnleggjande og anvendte biologiske spørsmål ved hjelp av metodar frå statistikk og dataanalyse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i anvend matematikk, fysikk eller eit anna fagområde som involverer kvantitativ modellering. Masterstudentar kan òg søkje, dersom dei fullførar mastereksamen før 15. juli 2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar bør ha ein sterk bakgrunn i utvikling og analyse av matematiske modellar. Erfaring med biologisk og/eller stokastisk modellering, og med å nytte modellar i samband med empiriske data, er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha interesse for å knyte saman teori og empiriske data for å nå fram til nyttige prediksjonar og innsikter, og må være viljug til ekspandere på dette sambandet med røyndomen ved å kommunisere med ymse grupper både innanfor og utanfor akademia.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som inneheld pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innen 15. juli 2019.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen