Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i marin økologi og evolusjon

Søknadsfrist: 03.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i marin økologi og evolusjon

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i marin økologi og evolusjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, og høyrer til forskingsgruppa Teoretisk økologi (http://bio.uib.no/te). Stillinga er knytt til det NFR-finansierte prosjektet TerraCoast.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet TerraCoast, A green-blue link made browner: how terrestrial climate change affects marine ecology, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet er eit samarbeid med Universitetet i Oslo, og har som føremål å 1) undersøkje korleis bruksendringar på land saman med global oppvarming kan ha auka tilførselen av oppløyst organisk materiale (DOM) til elvar og vatn (UiO), og 2) korleis dette i sin tur vil påverka mellom anna lysforholda og dermed økologien langs kysten (UiB). Ei av hypotesane som ligg til grunn for prosjektet handlar om korleis auka konsentrasjon av DOM gjer kystvatnet mørkare og dermed utset tidpunktet for våroppblomstringa, med moglege konsekvensar for andre aktørar i økosystemet som dyreplankton og fisk. I stillinga skal kandidaten vere delaktig i å utvikla mekanistiske simuleringsmodellar for korleis endra lysforhold kan forplanta seg gjennom trofiske nivå frå planteplankton til gytande torsk. Det vil også vere høve til å kopla modellresultat til observerte fenomen og prosessar i kystnære økosystem. Ein nyleg publisert artikkel frå prosjektet kan lesast på https://doi.org/10.1111/gcb.14810

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi eller eit anna fagområde som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkjarar må ha brei kjennskap til og god intuisjon til marin økologi og mekanistiske forklaringsmodellar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar er eit krav
  • Ferdigheiter i matematikk og programmering er ein føremon

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Ei positiv, dynamisk, tillitsfull og kritisk forskargruppe for diskusjonar og samhandlingar i kvardagen
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing (maks 2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Anders Frugård Opdal, Institutt for biovitskap, UiB. E-post: anders.opdal@uib.no, telefon +47 55 58 44 66

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS