Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i marin kyst- og fjordøkologi

Søknadsfrist 26.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for Biovitenskap (BIO) ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i marin kyst- og fjordøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid med undervisningsassistanse. Stillinga er knytt til Faggruppe Fiskeri- og marinbiologi og forsking på effektar av hypoksi (tap av oksygen) på fisk i fjordøkosystem. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Dersom stipendiaten blir tilsett for ein åremålsperiode på fire år, vil pliktarbeidet inkludere undervisingsassistanse på obligatoriske kurs til mastergraden i marine fag.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet har som mål å forstå kva som skjer i fiskepopulasjonar, -samfunn og heile økosystem når oksygenmengden i det marine miljøet minkar. Oksygen er nøkkelelement i metabolske prosessar, og hypoksi ventast å redusere vekst og kondisjon, og/eller endre atferd og vandringsmønster.

Tap av oksygen i det marine miljø, og korleis dette er kopla med oseanografiske prosessar og påverkar biologiske prosessar, kan studerast i norske fjordar. BIO har ei årrekkje hatt undervisingstokt med forskingsfartøy til fjordar med ulik grad av hypoksi og har samla inn ei stort mengd prøvar og data, inkludert konservering avprøvar frå mesopelagisk fauna og bunnfauna . Stipendiaten er venta å velje tema for hennar/hans PhD arbeid ved å ta utgangspunkt i innsamla materiale frå fjordane, og å ta del i planlegging av og ytterlegare innsamling av forskingsmateriale til eige doktorgradsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i marinbiologi eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå feltarbeid i kyst- og/eller fjordområde og analyse av feltdata eit krav
  • Erfaring med feltinnsamling og organisering og analyse av feltdata frå forskingsfartøy er ei føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Søkjaren oppmodast til å inkludere ei skisse til forskingsprosjekt som inneheld eigne tankar og idear til potensielle forskingsspørsmål.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillingaSamla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (Det oppmodast å legge ved ein CV og laste opp som eiga fil).
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne Gro Vea Salvanes, Institutt for Biovitenskap, tel. 55584487, Anne.Salvanes@uib.no eller
  • Faggruppeleiar professor Arild Folkvord, tel. 555844 56, Arild.Folkvord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS