Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i legemiddelkjemi

Søknadsfrist: 02.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i legemiddelkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der eitt år undervisning ved instituttet er inkludert. Stillinga er knytt til prosjektet Addressing the global challenges on antimicrobial resistance with inhibitors of bacterial fatty acid synthesis, som er finansiert via eit tverrfakultært initiativ innan globale samfunnsutfordringar ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet som PhD-studenten vert knytt til er eit samarbeid mellom gruppene til professor Ruth Brenk ved Institutt for biomedisin og professor Bengt Erik Haug ved Kjemisk institutt, begge ved Universitetet i Bergen. Arbeidet i prosjektet vil fokusere på design og framstilling av inhibitorar av eit enzym som er essensielt for fettsyremetabolismen hos bakteriar. I prosjektet er det eit mål å bestemme den tredimensjonale strukturen til enzymet i kompleks med små organiske molekyl ved bruk av røntgenkrystallografi eller NMR spektroskopi. Slike strukturar vil danne grunnlag for design av forbetra inhibitorar som nye målmolekyl for kjemisk syntese. Inhibitorane vil bli testa for biologisk aktivitet ved institutt for biomedisin og kandidaten som blir tilsett er forventa å delta i dette arbeidet. Rettleiing av bachelor- og masterstudentar vil kunne inngå i stipendiatstillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kjemi eller farmasi med spesialisering innan organisk syntese eller legemiddelkjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå praktisk laboratoriearbeid innan organisk syntese er eit krav.
  • Erfaring frå struktur-basert ligand design vil være ein føremon.
  • Erfaring med oppreinsking av protein, røntgenkrystallografi eller biokjemiske analysar vil være ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar bør ha gode kunnskapar i norsk, svensk eller dansk for bruk i undervisning.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar, potensial og motivasjon for forsking og for å gå i gang med ei ph.d.-utdanning vil verte tillagt betydelig vekt ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida vil verte knytt til undervisning og andre relevante plikter definert av instituttet.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bengt Erik Haug, Kjemisk institutt,telefon 55 58 34 68

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS