Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i klimadynamikk

Søknadsfrist: 15.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i klimadynamikk

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi/klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med 25% pliktarbeid (undervisning), knytt til prosjektet Arven etter Nansen og finansiert av forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Doktorgradskandidaten vil undersøka nåverande og framtidige klimaendringar og variabilitet i Arktis, med særleg fokus på Barentshavet. Doktorgradsprosjektet vil også samanlikne endringar og mekanismar for ulike områder i Arktis, for eksempel kva som driv framtidig sjøistap i Atlanterhavs- og Stillehavsområdet. Prosjektet vil vidare undersøkje om endringar i Arktis kan varslast på mellomårlege til tiårlege tidsskalaer.

Doktorgradsprosjektet vil bruke tilgjengelege observasjonar (for eksempel av sjøis og hydrografi) og klimamodellsimuleringar. Rettleiarar inkluderer dr. Marius Årthun og professor Tor Eldevik.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.08.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det vert kravd god kunnskap om hav- og klimadynamikk.
  • Det er sterkt ønskeleg at kandidaten har kjennskap til havsirkulasjon og hav-atmosfære koplingar i Arktis og Nord-Atlanteren, med fokus på mellomårlege til tiårleg tidsskala.
  • Erfaring med analyse av klimamodellar er ein fordel.
  • Gode ferdigheiter innan statistisk analyse av observasjonar eller data frå numeriske modellar er ein fordel.
  • Erfaring i vitskapeleg programmering (for eks. Matlab, Python, Fortran) er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2019.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS