Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i isdynamikkobservasjon og -modellering

Søknadsfrist: 11.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som stipendiat i isdynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet SWItchDyn, som er finansiert av forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

SWItchDyn har som mål å undersøkje den langsiktige effekten av økt smeltevatn på isdynamikk. For å undersøkje dette samspelet kombinerast både numerisk modellering og observasjonar av ishastigheit. Med denne metoden ønskjer prosjektet å (i) auke kunnskapen om forholdet mellom hydrologi og isdynamikk, (ii) forstå dagens utvikling av ishastigheit og hydrologisystem under isen og (iii) estimere effekten av økt smeltevann på isdynamikk.

Stipendiaten vil først produsere og analysere observasjonar av ishastigheit over Grønlandsisen, for å få eit estimat av den noverande utviklinga av ishastigheit over Grønland. Desse observasjonane vil bli samanlikna med modellresultat for å få ein betre forståing av dagens hydrologisystem under isen. Til slutt brukast resultat frå begge framgangsmåtane til å sette opp ein realistisk modell av Grønland sin vestkyst. Dette vil gje eit anslag på kor viktig økt smeltevatn er for massebalansen av Grønlandsisen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i glasiologi, fysikk, geofysikk, fjernmåling eller andre relevante felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 30.09.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Stillinga inneber mykje dataarbeid og erfaring med unix er eit krav.
  • Grunnleggjande kunnskap til python programmeringsspråk er eit krav.
  • Erfaring frå bruk av store datasett er ein føremon.
  • Erfaring med numerisk modellering er ein føremon.
  • Erfaring med geografisk informasjonssystem er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Det forventast at stipendiaten vil søkje om midlar til eit opphald utanlands for å leggje til rette for samarbeid med prosjektpartnarar.

Stipendiaten vil bli arbeide med J. Mouginot på Institut des Géosciences de l’Environnement i Grenoble (Frankrike). Det er ikkje naudsynt å snakke og skrive fransk, men det vil bli sett på som ein føremon.

For stillinga gjeldt følgande

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.09.2019.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Basile de Fleurian, Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning via e-post: basile.defleurian@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS