Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i informatikk - maskinlæring

Søknadsfrist: 15.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk - maskinlæring

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Universitetet i Bergen (UiB), Institutt for Informatikk, er det ei ledig stilling som stipendiat i informatikk – maskinlæring, for ensemblepredikasjon i ver og klima. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er knytt til det multidisiplinære prosjektet «Utforske multimodalitet i vær- og klimaprognose», som er eit samarbeid mellom Institutt for informatikk, Geofysisk institutt og Matematisk institutt.

Vertsinstituttet for stillinga er Institutt for Informatikk. Instituttet har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Prosjektpartnaren når det kjem til ver- og klimaforsking er Geofysisk institutt, som driver med undervising og forsking innan meteorologi, klima og fysisk og kjemisk oseanografi. Instituttet er affiliert med Bjerknessenteret for klimaforskning.

Samarbeidspartnar er og Institutt for matematikk, som forskar og undervisar innan rein matematikk, anvendt og berekningsorientert matematikk, statistikk og matematikk-didaktikk

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette ved instituttet vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Den som vert tilsett skal tilhøyre forskingsgruppa maskinlæring. Stipendiaten vil og vere knytt til CEDAS, det nye senteret for Data Science, og profittere frå dette multidisiplinære forskingsmiljøet.

Prosjektet fokuserer på forsking i maskinlæring, topologisk dataanalyse, visualiserings-teknikkar og utforsking av nye tilnærmingar for å forbetre ver- og klimamodellar. I dag er standardmetoden for å evaluere predikasjonen i ver- og klimamodeller ensemble-simuleringer, og nytte gjennomsnitt, median og standardavvik for å vurdere modellusikkerhet. Multimodalitet i ensemble utfordrar eksisterande metodar for ensemble-dataanalyse.

Stipendiaten kjem til å studere maskinlæring og topologiske teknikkar for å identifisere og visualisere multimodal utvikling i ver- og klimaprediksjonssystem. Vekta vil ligge på versystem, som syklonar og frontar, med nye diagnostiske verktøy utvikla ved UiB, for å identifisere og skildre deira multimodale utvikling i ulike modellsystem.

Stipendiaten vil bli rettleia av førsteamanuensis Nello Blaser, og vil i tillegg få medrettleiarar frå dei to andre samarbeidsinstitutta.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, meteorologi, matematikk, fysikk eller eit relatert fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15.10.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk matematikkfagleg bakgrunn er eit krav.
  • Gode evne innan programmering er eit krav
  • Erfaring i maskinlæring, topologisk dataanalyse og visualisering er ein føremon..
  • Erfaring i ver- og klimamodellering og modelldataanalyse er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar bør utvise nyfikne og vere inspirert til å utforske, utvikle og implementere nye metodar og interdisiplinære idear.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjings-perioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjend utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 4 år. Stipendiaten vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert eller forvente avslutta før 15.10.2019.
  • relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon som stadfestar kompetanse i engelsk (viss påkravd, sjå krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • ei liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 15.08.2019

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS