Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i informasjonsvitenskap

Søknadsfrist: 09.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i informasjonsvitskap. Tilsettinga er for fire år 25% av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi ønsker spesielt kandidatar som vil arbeide i forskingsfronten innan bruk av formell logikk, innan kunstig intelligens og multiagent-system, gjerne med et prosjekt innan formell logikk for resonnering om sosiale nettverk, men er også opne for kvalifiserte søkjare innan andre deler av informasjonsvitskapen. Stipendiaten vil vere knytt til forskingsgruppa Logikk, informasjon og interaksjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant mastergrad, i informasjonsvitskap, informatikk, kognitiv vitskap, logikk, eller tilsvarande. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Bakgrunn i formell logikk vert tillagt vekt.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Erfaring frå vitskapleg arbeid er ei føremon.
  • Ha stor motivasjon for forsking, interesse for tematikken i prosjektet, og innsikt i relevante teoriar og metodar.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (Lpl.17.515, st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Prosjektet: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida:

http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib eller ved å vende seg til post@svfa.uib.no.

Søknaden må merkast: 19/5853

Søknadsfrist: 9. august 2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Leif Ove larsen, e-post leif.larsen@uib.no, eller tlf.: 55 58 41 16

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, tlf.: 55 58 90 53, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, phone: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS