Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i havteknologi – marin optikk

Søknadsfrist 14.04.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi (http://www.uib.no/ift) er det ledig ei stilling som stipendiat i havteknologi for utvikling av optiske metodar for effektiv miljøovervaking av kyst- og arktisk vatn. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forplanting av lys i vatn endrar seg signifikant med kva som finst under overflata. Dersom havet berre hadde bestått av reint vatn, ville til dømes blått lys gått i gjennomsnitt over 200 meter utan å bli absorbert, medan lyset berre trengjer nokre få centimeter ned under overflata i nokre elveutløp.

Vi kan finne viktig informasjon ved å studere i detalj kor langt lyset går før det enten blir absorbert eller spreidd, kva ny retning det får etter spreiing, og korleis desse optiske eigenskapane varierer med bølgjelengda på lyset, med djupet og med tida.

Desse målingane kan brukast saman med numeriske modellar til å finne mengde og type materiale, inklusiv levande mikroorganismar, i vatnet. Liknande metodar kan bli brukt under isen i Arktis til å finne innhald av organismar i havet og eigenskapar til sjøisen over, slik som tjukkleik, partikkelinnhald, saltinnhald, tettleik og energiavsetting. Ph.d-kandidaten som blir tilsett vil jobbe innan denne type forsking, som meir spesifikt kan femne om:

  • Automatisering av system som måler djupneprofilar til optiske eigenskapar og spektral irradians i vasskolonnen, frå overflata til botnen.
  • Finne metodar for å unngå eller korrigere problem med at spektrometer av og til måler lys kontaminert av eigen skugge eller lys som er blitt kontaminert av rammer og andre festemekanismar.
  • Studere døgn-, sesong- og årsvariasjonar av mikroorganismar og anna materiale ved alle djup i vasskolonnen.
  • Validere optiske satellittmålingar for fjernmåling av klorofyll, oppløyst organisk materiale og mineralpartiklar i øvre delen av vasskolonnen.
  • Utvikle metodar for måling av lys og optiske eigenskapar under sjøis.

Det er ei forventing at stipendiaten er villig til å opphalde seg i kortare og/eller lengre periodar hos våre utanlandske samarbeidspartnarar dersom dette er føremålstenleg for prosjektet. Det er også ei forventing at stipendiaten kan delta på forskingsfartøy til havs. Stipendiaten vil også delta i rettleiing av masterstudentar med prosjektoppgåver relatert til marin optikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk. Masterstudentar kan òg søkje, dersom dei fullfører mastereksamen før 30. juni 2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må ha bakgrunn innan måleteknologi eller målemetodar relatert til optikk.
  • Erfaring frå programmering og automatisering, samt gode kunnskapar i matematikk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Det er ein fordel om søkjaren har gode norskkunnskapar (for undervisning)

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. juni 2019.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Børge Hamre, telefon +47 55 58 28 54, e-post: Borge.Hamre@uib.no, Institutt for fysikk og teknologi

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS