Stilling:

Stipendiat i evolusjonær økologi

Søknadsfrist 25.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i evolusjonær økologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i evolusjonær økologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa (EvoFish, https://www.uib.no/en/rg/evofish) og forskingsprosjektet «Cost of life-history adaptations: Multiple-trait consequences of fisheries-induced evolution» (Kostnader av livshistorietilpassingar: multi-trekk konsekvensar av fiskeriindusert evolusjon; https://www.uib.no/en/rg/evofish/120408/cost-life-history-adaptations-guppies), finansiert av Forskingsrådet (FRIMEDBIO). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet har som mål å forstå dei komplekse måtane organismar betalar kostnadar for å tilpasse seg eksterne stressfaktorar, for eksempel auka dødelegheit forårsaka av hausting. Prosjektet utnytter avlingslinjer av guppy som har blitt utsatt for forskjellige typer størrelsesavhengig hausting.

Prosjektet omfattar både eksperiment med levande fisk og molekylære analysar av eksperimentelle dyr for å karakterisere variasjonen i fenotypiske eigenskapar både på makroskopisk og mikroskopisk nivå, støtta av avanserte metodar for dataanalyser.

Arbeidet inneber samarbeid med partnarar i Noreg, Skottland, Canada og USA.

Stipendiaten er venta å bidra til i alle deler av prosjektet, derunder planlegging og gjennomføring av eksperiment og analysar, tilsyn med laboratoriearbeid, samt rapportering og formidling av resultata.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i evolusjonsbiologi, økologi, eller organismebiologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå å jobbe med fleircella organismar for å studere spørsmål innan økologi eller evolusjon, eller ved bruk av molekylære metodar for å studere fenotypisk tilpassing, er eit krav. Erfaring frå arbeid med fiskeåtferd og fysiologi er ein føremon. Søkjaren må vise god forståing for prinsippa for evolusjonær økologi.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit kort forslag til forskingsplan for ph.d.-prosjektet (ca. 1 side)
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Mikko Heino (Institutt for biovitskap, mikko.heino@uib.no / tel. +47 55 58 45 44)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS