Stilling:

Stipendiat i berekraftig kystutvikling

Søknadsfrist 08.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i berekraftig kystutvikling

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i berekraftig kystutvikling. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR sitt MILJØFORSK program “Localizing the 2030 Agenda for Sustainable Development for the Barents Sea-Lofoten ecosystem in a changing climate” (LoVeSe-SDG).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva for dette ph.d. prosjektet er å danne ny tverrfagleg samfunnsvitskap, humaniora, marin vitskap og matematiske metodar for å analysere dagens tilstand av dei integrerte økosystemas vurdering av Barentshavet og Norskehavet i forhold til det internasjonale mandatet om å levere på FNs Berekraftsmål (SDGs), spesielt # 2 (Utrydde sult), # 13 (Stoppe klimaendringane), # 14 (Liv under vatn) og # 17 (Samarbeid for å nå måla), og å vurdere korleis å greie desse FN SDG vert aktivert eller hindra av kulturarv av kystområda under studiet. Søkjaren vil arbeide innanfor eit utvida fellesskap av naturforskarar, samfunnsvitarar, interessentar og lokale myndigheitar for å aktivt lokalisere Berekraftsmåla og indikatorar og å harmonisere avgjerdsprosessar som informert av “Integrated Ecosystem Assessments”.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå fiskeriforvalting, kystutvikling, internasjonale feltarbeid, og/eller internasjonale arbeidsgrupper er ein føremon.
  • Erfaring og kursarbeid i marinøkologi eller kystøkologi og forvalting med sterk kompetanse innan matematikk er ein føremon.
  • Erfaring med fiskeri- og økosystemvurdering er ein føremon.
  • Erfaring med samfunnsvitskapelige metodar er ein føremon.
  • Erfaring med tverrfagleg kursarbeid er ein føremon.
  • Erfaring med organisering av vitskap-interessegruppe møter/workshop er ein føremon.
  • Erfaring med FN sine Berekraftsmål er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (maks to sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert:
  • ei liste over vitskapelege arbeid og andre publikasjonar du har vore medforfattar på
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV etter NFR sin mal: https://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?cid=1254016832179&pagename=VedleggPointer&target=_blank
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: forskar Dorothy J. Dankel ved Institutt for biovitskap på dorothy.dankel@uib.no eller +47 9583777

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS