Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i bærekraftig utnytting av biomasse / organisk kjemi

Søknadsfrist: 20.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i utnytting av biomasse/organisk kjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, inkludert eit år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målsettinga til prosjektet er auka verdiskaping basert på bruk av restbiomasse frå skogbruk som råstoff i eit bioraffineri. Prosjektet vil kombinere ekstraksjon av sambindingar som har høg verdi til dømes til medisinsk bruk, og termokjemisk konvertering av hovudmengda av materialet til biodrivstoff og biobaserte kjemikaliar. Prosjektet tek for seg grunnleggjande utfordringar for kvart steg i opparbeiding og konvertering av biomasse frå skogsdrift, slik at ein får eit erfaringsbasert grunnlag for utvikling av eit skogsbasert bioraffineri på Vestlandet. Kjemi vil vere kjernen i prosjektet, og arbeidet vil i hovudsak bli gjort ved Kjemisk institutt, i forskingsgruppa til professor Tanja Barth, saman med utfyllande forsking i katalytisk konvertering av biomasse hos professor Vidar R. Jensen og førsteamanuensis Erwan Le Roux. Førsteamanuensis Inger Elisabet Måren ved Institutt for biovitenskap vil vere medrettleiar for PhD-stipendiaten innan temaet berekraftig arealbruk, med grunnlag i at hun også er UiB sin UNESCO Chair i Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kjemi, kjemiteknikk eller fornybar energi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå termokjemisk omdanning av biomasse er ein føremon
  • Erfaring frå spektroskopi eller kromatografi for karakterisering av kjemisk sambindingar er ein føremon
  • Erfaring frå naturstoffkjemi er ein føremon
  • Bakgrunn i evaluering av berekraft eller livssyklus-analyse er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar må ha tilstrekkeleg gode kunnskapar i norsk til å delta i grunnundervisning.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Tanja Barth, Kjemisk institutt,e-post Tanja.Barth@uib.no, telefon +47 55583483

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS