Stilling:

Stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk

Søknadsfrist 11.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk – modellering av kopla prosessar i høgtemperatur og superkritiske geotermiske system

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk for ein åremålsperiode på 4 år.

Stillinga er ein del av Det matematisk-naturvitskaplege fakultet si satsing på geotermisk energiforsking. Ph.d - kandidaten vil bli knytt til forskingsgruppa for Porøse media, som omfattar fem fast vitskaplege tilsette, i tillegg til postdoktororar, ph.d.- og masterstudentar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmål for ph.d - prosjektet er å styrke gruppa si forsking knytt til utnytting av høgtemperatur og superkritiske geotermiske ressursar. Prosjektet skal utvikle nye numeriske modellar som kan gi prognosar for effekten av naturlege flytprosessar og hydraulisk og termisk stimulering på reservoaret. Korleis flytprosessar og termiske effektar påverkar deformasjon av den oppsprukne formasjonen, både i dei djupe røtene til høgtemperatur geotermiske system og i reservoaret, vil stå sentralt. Det vil bli lagt særleg vekt på koplingar mellom termiske, hydrauliske og mekaniske effektar.

Numeriske modellar vil verte utvikla og tilpassa basert på feltobservasjonar frå djup boring på Island. Kvaliteten på det tverrfaglege arbeidet vert sikra av tett samarbeid med forskarar frå ÍSOR og industripartnarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i geofysikk eller anvend og utrekningsorientert matematikk.
  • Søkjarar må ha erfaring med modellering av høgtemperatur geotermiske system, utvikling av 3-D reservoarmodellar, reservoarfysikk og arbeid med feltdata
  • Søkjarar må ha sterk interesse for tverrfagleg arbeid.
  • Sterk interesse for anvend og grunnleggjande forsking.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS