Stilling:

Stipendiat (4 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse

Søknadsfrist 1. januar 2019

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse (SIH), er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet ”Nutrition policy and food systems recommendations anchored in the Sustainable Development Goals and Responsible Research and Innovation frameworks: Perspectives from nutrition, biology and ethics”, finansiert av Universitetet i Bergen sitt sentrale satsingsområde “Globale samfunnsutfordringar”.

Om instituttet/senteret og prosjektet

Senter for internasjonal helse (SIH) er etablert som eit tverrfagleg og interfakultært senter ved Det medisinske fakultet, og knytt til Institutt for global helse og samfunnsmedisin. SIH driv både med forsking og utdanning. Ved Forskarskulen på SIH er det ca. 70 doktorgradskandidatar. SIH har si eiga masterutdanning i Global helse med ca. 40 mastergradsstudentar i eit tverrfagleg Master’s of Philosophy program. Desse programma har undervisning på engelsk og er for ein stor del knytt til partnarskapsprogram og kompetansebygging ved samarbeidsinstitusjonar i Afrika og Asia. I tillegg undervisar dei tilsette ved SIH medisinarstudentar og ernæringsstudentar i global helse og ernæring.

Prosjektbeskriving

Ernæringsanbefalingar er komplekse då dei skal ta inn til fysiologiske behov og vanar og forholda seg til tilgjengeleg mat. Eit område for diskusjon er landbasert proteinproduksjon som omfattar både plante- og dyre-baserte protein. Det er eit behov for forbetra proteininntak i befolkningar som lid av underernæring. På ei anna side er det eit behov for å tenke på miljøet der proteinet vert produsert. Det er også stor usikkerheit i kunnskapen omkring korleis anbefalingane skal ta omsyn til etiske utfordringar i utarbeidinga av anbefalingane.

Målet med dette fleir-faglege ph.d.-prosjektet er å undersøke korleis rettleiing i ernæring kan gjevast ut ifrå eit ernærings og helseperspektiv, eit bærekrafts- og biologisk perspektiv og eit etisk perspektiv. Prosjektet skal foreslå eit teoretisk rammeverk for å lage slike anbefalingar. Proteinbehov i sårbare befolkningar og landbasert proteinproduksjon er kasuset for diskusjon. Epidemiologi, systematiske litteraturstudiar, meta-analyser og etiske diskusjon vil vere del av metodane. Samstundes inkluderer ph.d.-prosjektet eit felt-arbeid i eit låginntekts- eller mellominntekts-land på minst 4-6 månader.

Om ph.d.-stillinga

Senter for internasjonal helse (uib.no/en/cih) vil koordinere denne stillinga på fleire fakultet i nært samarbeid med Senter for ernæring (uib.no/en/nutrition), begge ved Det medisinsk fakultet. Kandidaten skal utføre eit sjølvstendig ph.d. prosjekt innanfor rammene av den overordna prosjektskissa. Ph.d. - prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med hovudrettleiar, professor Ingunn Marie S. Engebretsen, og birettleiarane professor Jutta Dierkes, førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren (https://www.uib.no/bio) og professor Carl Walter Matthial Kaiser (www.uib.no/svt/en).

Nærmare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Ingunn Marie Engebretsen, e-post: ingunn.engebretsen@uib.no, tlf.: 55 58 85 53 / 97 76 50 15 eller
  • Professor Jutta Dierkes, e-post: jutta.dierkes@uib.no, tlf.: 55 97 73 44

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein kandidat med kompetanse som kombinerer medisinsk og ernæringsfagleg forståing med forståinga innafor samfunnsfag, humanistiske fag eller anna naturvitskap.

  • godkjend mastergrad i ernæring, medisin eller anna tilsvarande fag og dokumentert erfaring frå eller utdanning i andre disiplinar slik som samfunnsfag, naturfag, etikk eller vitskapsteori er ønska
  • kandidaten må ha gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner og ønskje eit nytt fleir-faglig samarbeid
  • kandidaten må beherska engelsk skriftleg og munnleg, og det er ein føremon om kandidaten beherskar norsk eller andre språk
  • erfaring frå feltstudiar i eit låginntekts- eller mellominntekts-land er ein føremon
  • kvantitative og kvalitative forskingsmetodar vil verte brukt. Interesse for statistikk er ein stor føremon, sidan studien skal arbeida med meta-analyser og eksisterande litteratur og data
  • primær datainnsamling i et låginntekts- eller mellominntekts-land på omlag 4-6 månadar må utførast og kandidaten må væra i stand til ei slik reise
  • kandidaten må vere motivert, ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • kandidaten må vise entusiasme for å jobbe tverrkulturelt og tverrfaglig
  • personlege eigenskapar vil verte vektlagd

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma.

Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammet ved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønsramme 20.9) for tida kr. 449 400 ved tilsetjing. For søkjar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17)
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

Send CV og søknad med vedlegg via lenkje på denne sida samt følgjande:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar (TOEFL, Cambridge eller IELTS)
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 01.01.2019

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS