Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (4 år) i klinisk psykologi

Søknadsfrist: 08.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat i klinisk psykologi med vekt på lysbehandling, kronobiologi og demens.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, inkludert 25 % pliktarbeid, og er knytt til NFR-prosjektet «Exploring new and optimal light conditions to improve cognition, mood and health in people with dementia (ENLIGHT)”.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Mål: Å undersøke korleis ulike lysvilkår påverker kognisjon, emosjon, søvn og døgnrytme hjå personar med demens.

Bakgrunn:

  • Forekomsten av demens er aukande i Norge i tråd med at befolkninga blir eldre.
  • Denne progressive sykdommen har eit forløp med ein gradvis svekking i kognitive evner, funksjonstap og atferds- og psykologiske symptom ved demens (APSD).
  • Omlag 90 % av personar med demens opplever APSD og/eller søvnproblem i løpet av sykdomsforløpet.
  • Det er korrelasjon mellom døgnrytmeforstyrringar, søvnforstyrringar, APSD og nedsatt kognitiv fungering, men dei bakenforliggande mekanismane er ikkje kjent.
  • Bruk av lysterapi er ein av dei mest lovande behandlingane for personar med demens, då det kan betre søvn og ASPD.
  • Mangelen på systematiske kliniske og basale studier som inkluderer personar med demens gjer dette til eit viktig forskingsfelt.

Arbeidsoppgåver:

  • stipendiaten skal vere med å utvikle og gjennomføre forskingseksperiment i lys-laboratoriet ved Det psykologiske fakultet, og ein klinisk studie av lysbehandling i heimen til personar med mild demens.
  • arbeidet inneber også ein koordinerande rolle i gjennomføringa av inklusjon av studiedeltakarar, datainnsamling, analyser, publikasjonar av forskingsresultat, samt anna arbeid tilknytt ENLIGHT prosjektet. Sidan arbeidsoppgåvene inneber kommunikasjon med personar med demens er det nødvendig at søkarar kommuniserer godt på norsk.
  • Søkjaren skal vere tilknytt både Bergen Søvn og Kronobiologinettverk (BeSCN, Tverrfakultær forskningsgruppe) og Bergen Research group for Innovation, Growth, Health and Technology (BRIGHT).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet vere godkjend psykolog, lege, eller ha oppnådd mastergrad i eit tilsvarande helsefag.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • God kunnskap om personar med demens og / eller god kunnskap om søvn, og kronobiologi
  • Erfaring frå klinisk arbeid som er relevant for studien
  • God kunnskap innan psykologisk testing, fortrinnsvis nevropsykologisk testing
  • Kunnskap om og erfaring i kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag.
  • God i engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 / LR20, alternativ 9) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det særs viktig at kvart av dei vitskapelege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Elisabeth Flo, Institutt for klinisk psykologi, UiB, elisabeth.flo@uib.no, tlf: 55 58 88 85 / 93 04 64 92.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS