Stilling:

Stipendiat (4 år) - Klinisk institutt 2 (K2)

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) i epigenetikk av psykisk liding. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til NORMENT Senter for framifrå forsking og forskingsgruppa «Epigenetikk og multiomics» ved K2, og er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet for forskinga ved NORMENT er å forstå dei underliggjande mekanismane som er involvert i alvorlege psykiske lidingar og finne svar på kvifor nokre menneskjer utviklar sansebedrag, vrangførestillingar, djupe depresjonar eller maniske fasar.

Dette ønskjer senteret å oppnå ved å identifisere og karakterisere genetiske, nevrobiologiske, psykologiske og miljømessige faktorar som kan bidra til utvikling og forløp av slike lidingar. Forskinga har ein klar klinisk profil som involverer undersøking av deltakarar med toppmoderne kliniske vurderingar og forskingsteknologi, og forskingsresultat for identifisering av sjukdomsmekanismar og utvikling av nye behandlingsmetodar.

Hovudmålet med prosjektet er å identifisere regionar av genomet som har epigenetiske endringar knytt til psykiske lidingar. Stipendiaten vil verte involvert i eit stort prosjekt der epigenetiske data frå 6000 individ vil vere samla. Målet er å differensielt identifisere regionar assosiert med schizofreni, bipolar liding og ADHD. Prosjektet vil og involvere identifikasjon av modifikasjonar påverka av faktorar som bruk av cannabis, barndomsskadar, kosthald med meir.

Avhengig av resultata kan det vere noko laboratoriearbeid involvert for å karakterisere effekten av identifikasjon i ein mobilmodell.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant mastergrad eller cand.med. grad
  • det er krav om erfaring innan genetikk, molekylærbiologi, statistikk eller bioinformatikk
  • søkjar må ha erfaring frå biostatistikk og bruk av R
  • det er eit krav at søkjar har fått opplæring i statistikk
  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring frå laboratorium og då spesielt frå arbeid med cellekulturar
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • personlege eigenskapar vil verte vektlagd, slik som til dømes å kunne arbeide sjølvstendig og i team, vere ansvarsmedviten og motivert

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institutsjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad for tilsetjing som stipendiat at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20.9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For søkjar med spesialistutdanning, lønssteg 58 (kode 1017/LR20.17)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar (TOEFL, Cambridge eller IELTS)
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Stephanie Le Hellard, e-post: Stephanie.Hellard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS