Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (4 år) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 05.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (4 år)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Senter for ernæring, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Stillinga er knytt til prosjektet ”Mohns ernæringsforskingslaboratorium”, og skal undersøke nye metodar for innhenting av kosthaldsdata, inkludert digitale metodar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Innhenting av gode kosthaldsdata er nøysamt i både forsking og i klinisk kvardag. Ulike instrumentar for kostregistrering vil gje ulike informasjon med varierande nøyaktigheit. I prosjektet skal ulike metodar utviklast, samanliknast og nyttast til kostregistrering, blant anna i den store Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK). HUSK er ein befolkningsbasert, prospektiv observasjonsstudie som undersøkar samanhengen mellom kosthald og livsstil med helseutfall. Deltakarane har blitt undersøkt i 1992/2 og i 1997/99, og blir for augneblikket undersøkt igjen (2018/20). Her skal også digitale metodar testast og vidareutviklast.

Senter for ernæring (https://uib.no/ernaring ) og Mohns ernæringsforskingslaboratorium ved Klinisk institutt 1 (https://www.uib.no/k1), vil koordinere forskingsprosjektet i tett samarbeid med Institutt for global helse og samfunnsmedisin, (https://www.uib.no/igs) og Klinisk institutt 2 (https://www.uib.no/klin2), Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Samanlikne og validere (digitale) metodar for innhenting av kosthaldsdata, blant anna i HUSK-studien
  • Bidra i datainnsamlinga for den nåverande HUSK-studien, spesielt innhenting av kosthaldsdata, antropometriske data og andre kliniske målingar
  • Utvikle nye web-baserte verktøy for innhenting av kosthaldsdata til bruk i kliniske og epidemiologiske studiar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i klinisk ernæring
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønnsramme 20.9) for tida kr. 449 400 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.19).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jutta Dierkes, e-post: jutta.dierkes@uib.no, tlf.: 55 97 73 44

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS