Stilling:

Stipendiat (3 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 03.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Klinisk institutt 2, Universitet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Oral Bacteria as determinants for Respiratory Health (BRuSH)», finansiert av The European Research Council (ERC). Dette er eit 5-årig ERC Starting Grant prosjekt som vart tildelt forskar Randi J Bertelsen. Prosjektet starta opp i januar 2019.

Rettleiing av stipendiaten i prosjektet vil gjerast i samarbeid med professor Vivi Schlünssen ved Aarhus Universitet i Danmark, kor mykje av laboratoriearbeidet som skal gje grunnlag for ph.d-prosjektet skal gjerast. Det er difor ynskeleg at kandidaten oppheld seg noko av tida (minst seks (6) månader) i Aarhus. Det kan også bli aktuelt å samarbeide med prosjektpartnarar ved Borstel Research Center i Tyskland om eksperimentelle modellar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Lipopolysakkarider (LPS) er molekyler i celleveggen til gram-negative bakteriar som gjer opphav til vertens immunrespons og inflammasjon. Bakteriar med spesielt effektfull pro-inflammatorisk LPS tykkjast å dominere bakterieflora i lungene til astmatikarar mykje meir enn hos friske individ. Hovudmålet med prosjektet er å kartleggje samansetjinga av bakteriane i miljøprøver som representerer lufta vi pustar inn og i frå munnhole, og då spesielt sjå på kva for ein type LPS som er dominerande hos bakteriane som er tilstade i prøvene. Vi skal vidare undersøkje korleis forskjellige samansetjingar av bakteriar påverkar lungehelse framover i tid. I dette prosjektet bruker vi data frå to store populasjonsbaserte kohortar kor vi har spørjeskjema og kliniske data, biologisk materiale og miljøprøver samla inn ved fleire tidspunkt. Vi skal også underbyggje hypotesen og dei epidemiologiske funna med eksperimentelle modellar.

Kandidaten som vert tilsett vil bli involvert i laboratorieanalysar av miljøprøver for å karakterisere og kvantifisere mikrobiota (bakterier) og mykobiota (sopp), LPS og allergener. Analysane vil bli utført med samarbeidspartnarar ved Aarhus Universitet kor metodar for ekstrahering og analysar av mikrobielle komponentar frå miljøprøver (sedimentert støv) har blitt utvikla. Desse resultata vil så bli brukt til og sjå på samanhengen med inflammatoriske markørar i prøver frå munnhole (spytt) og å undersøkje samanhengen med endringar i respiratorisk sjukdom og symptom over tid.

Dette er eit tverrfagleg prosjekt med ulike kliniske og vitskapelege internasjonale samarbeidspartnarar i Noreg, Sverige, Danmark, Estland og Tyskland. Det er derfor ein forutsetnad at kandidaten er fleksibel og ynskjer eit forskaropphald utanfor Noreg, og at kandidaten har ein internasjonal tenkemåte.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad i biologi, epidemiologi, biostatistikk, folkehelse eller anna relevant mastergrad
  • Kandidaten skal blant anna jobbe i laboratoriet og må ha erfaring med molekylærbiologi og kunnskap om immunologiske metodar
  • Erfaring med statistiske analysar og modellering av epidemiologiske data vil vere ein føremon
  • Erfaring og/eller publikasjonar frå forsking om mikrobiota (bakteriar og sopp), allergen- og/eller endotoksineksponering og kvantifisering eller relaterte område som er relevante for doktorgradsprosjektet, vil bli vurdert som positive
  • Søkjaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte, men må også ha evne til å samarbeide med andre forskarar i prosjektet
  • Kandidaten må ha høve til og vere villig til å jobbe utanlands i delar av prosjektperioden
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på personlege ferdigheitar, gode samarbeidsevnar, fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt. Kandidaten må utvise ei sterk forplikting og entusiasme for forsking. Ambisjonar, samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt vil også telje når ein vurderer søkjarane
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

For stillinga gjeldt følgande:

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Sjå krav om engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønnsramme 20.9) for tida kr. 449 400 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Send CV og søknad med vedlegg via lenkje og legg ved:
  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleder Randi J Bertelsen, e-post: randi.j.bertelsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS