Stilling:

Stipendiat (3 år) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Role of integrin alpha11 in cardiac fibrosis ”, finansiert av Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å forstå dei molekylære mekanismane kor integrin alfa11 er involvert i hjerte fibrose. Nasjonalforeningen for folkehelsa. https://www.uib.no/en/rg/matrix

I professor D.Gullberg sin forskingsgruppe, Matrix biologi ved Institutt for biomedisin, er det av interesse å forstå kva innverknad integrin alfa11 har på vev og tumor fibrose. Vi har for tida eit nært samarbeid med professor G.Christensen ved Universitet i Oslo i eit prosjekt kor vi undersøker eit mogleg samarbeid mellom integrin alfa 11 og celleoverflate reseptoren syndecan-4. Upublisert data frå forsøk på dyr som er «knockout» for integrin alfa11 og syndecan-4 (Itga11-/-//Sdc4-/- mus) gjev ein indikasjon på eit komplisert, men viktig samarbeid mellom desse to celle overflate reseptorene ved hjertefibrose.

Hovudoppgåver

  • Karakterisere dei molekylære mekanismane til integrin alfa11 og syndecan-4 sitt samarbeid i fibroblast celler (krev kjennskap til cellebiologiske metodar, molekylære metodar, kunnskap og erfaring med museforsøk, isolering av primærceller frå mus).
  • Ved å blokkera integrin alfa 11 på kardiologiske celler, teste om det vil medføre ei lindring/redusering av hjertefibrose (krev kunnskap og erfaring i celle biologiske metodar som 3D sferoidar i kultur).
  • Karakterisere hjerteceller som uttrykker integrin alfa11 i hjertefibrose ved å nytte nylig generert ITGA11-Cre muselinje (krev kjennskap til dyreforsøk og isolering av primære celler frå mus).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad i farmasi, cellebiologi, molekylær biologi eller ha anna relevant mastergrad.
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
  • Spesifikk tidlegare erfaring:
    • isolera fibroblast celler frå transgene mus
    • utføre cellebiologi som celleproliferasjon, cellemigrasjon, kollagen remodellering
    • erfaring i å ta bilete av celler med mikroskop er ynskjeleg

For stillinga gjeldt følgande:

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønnsramme 20.9) for tida kr. 449 400 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Donald Gullberg på e-post: donald.gullberg@uib.no, telefon:+47-55586332

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS