Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Inntil fem opne stipendiatstillingar (Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap)

Søknadsfrist: 14.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig inntil 5 opne stipendiatstillingar med planlagt tilsetjing frå 01.01.2020.

Ein kan søkje innan følgjande fagområde:

  • arkeologi
  • historie
  • kulturvitskap
  • religionsvitskap

Sjå instituttet sine heimesider www.uib.no/ahkr for oversikt over fagområda.

Prosjektet må høyre inn under eitt av dei fire faga og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved instituttet. Hovudrettleiar vil som regel vere fast tilsett ved instituttet. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB kan ikkje søkje.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR 20/alt.9) i statens lønsregulativ, for tida brutto kr. 449.000 per år
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til medlemskap i Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

1. Prosjektomtale (inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste)

2. Framdriftsplan for prosjektet

3. Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.

4. Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning

5. Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar

6. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

7. Stadfesting frå hovudrettleiar for doktorgradsprosjektet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsette vitnemål og vitskaplege arbeid må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 14.04.2019

Merk søknaden: 19/2589

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS