Stilling:

Stipendiat i medisinsk fysikk / imaging

Søknadsfrist 03.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i medisinsk fysikk/ imaging. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «Visual Data Science for Large Scale Hypothesis Management in Imaging Biomarker Discovery – VIDI» (https://mmiv.no/visualdatascience/) ved det nye forskingssenteret Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (http://www.mmiv.no). Prosjektet er finansiert frå Bergens forskingsstiftelse og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Imaging infrastrukturen som er tilgjengelig for prosjektet inkluderer tre 3Tesla MRI maskiner (GE 3TMR 750 Discovery, Siemens Prisma 3T, Siemens Skyra 3T), eit komplett PET senter med moglegheit for å lage eigne PET tracer og heilt ny MR/PET og PET/CT (Siemens Biograph mMR PET/MR, Siemens Vision PET/CT). I tillegg finnes smådyrsavbildning (7T MRI, PET/CT, US, OI) og ei nasjonal plattform for NMR spektrometer (850MHz, 500WB, AV600, AV500) på campus. Stillinga vil inngå i eit tverrfaglig miljø, og den som vert tilsett vil også vera ein del av Bergen fMRI gruppe (https://www.uib.no/en/rg/fmri) – ei forskingsgruppe som har vore aktiv i feltet i 25 år.

Målet med prosjektet er å etablere robuste kvantitative mål på fysiologiske prosessar i menneskekroppen ved bruk av 3Tesla MRI (eventuelt også MR/PET). Ei spesiell vekt vil vera på diffusjonsavbilding eller å studere fysiologiske mål i tid for å forstå mikrostruktur eller vaskulære kar i menneskehjernen. Fokus vil vere på pasientar som er med i kliniske studiar innan nevrologi/nevroonkologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, statistikk, nevrovitskap, eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Veldig gode kunnskapar med programmering (Python, C/C++) er eit krav, det er også erfaring frå å handtere eksperimentelle data og grunnleggande statistikk.
  • Erfaring frå MRI bildeinnsamling, modellering eller behandling, i sær diffusjon eller perfusjon er ein føremon.
  • Erfaring med å presentere resultat på konferansar i feltet er eit føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Personlege ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Senterleiar MMIV, Renate Grüner, Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus/ Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, email: renate.gruner@uib.no, phone: +47 48110677.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS