Stilling:

Avdelingsleiar i Statped vest

Frist: 15.08.2018

- noko for deg?

Ønskjer du å leie endrings- og utviklingsarbeid i eit kompetansemiljø innan utdanningssektoren, då er kanskje Statped vest staden for deg. Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i høyrselsavdelinga vår, og søkjer no etter ein ny leiar til avdelinga og leiarfellesskapet i regionen. I tillegg til å vere ein del av regiondirektøren si leiargruppe, vil du også vere ein del av eit leiarnettverk på tvers av dei fire regionane i Statped.

Du vil som avdelingsleiar bli leiar i eit kompetent fagleg miljø med mange dugande medarbeidarar. Medarbeidarane i avdelinga har arbeidsoppgåver knytt til audiofagleg rådgjeving og ulike former for kursverksemd for barn, unge og vakse i tilknyting til høyrselsfeltet. Organiseringa av tenestene i Statped kan bli endra.

Både i regionen og gjennom leiarnettverket vil du kunne initiere og ta del i spennande leiaroppgåver. Statped har sett arbeid med digitalisering høgt på dagsorden, og dette er eitt av områda som det er høve til å vere med å utvikle vidare.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har ansvar for å ta del i strategisk utvikling av Statped vest som heilskap
  • Avdelingsleiar er ansvarleg for å vidareutvikle høyrselsavdelinga slik at den best mogeleg bistår brukarar, grupper av brukarar, kommunar og fylkeskommunar i regionen. Avdelinga skal også bidra til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing.
  • Den som vert tilsett skal bidra til vidareutvikling av Statped vest sitt tenestetilbod i dialog med kommunale oppdragsgjevarar og PP-tenesta
  • Samhandle med andre norske og internasjonale fagmiljø på området
  • Avdelingsleiar rapporterer til regiondirektør
  • Den som vert tilsett må rekne med noko reiseverksemd

Personlege eigenskapar

  • God til å kommunisere og samarbeide med andre
  • Kreativ og fleksibel
  • Sjølvstendig, analytisk og resultatorientert
  • Utviklingsorientert og kvalitetsmedviten
  • Beherske bruk av administrativ IKT verktøy
  • Personleg eigna

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med:
  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå. Det kan vere utdanning innan spesialpedagogiske fagområde, psykologi, pedagogikk, rådgjeving eller anna.
  • Relevant leiarerfaring.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid kring oppvekstvilkår for barn og unge vil vere ein fordel
  • Gode system- og forvaltningskunnskapar
  • God kunnskap om norsk skule- og utdanningspolitikk
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Skriftleg framstilling på begge målformer
  • God rolleforståing
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon som legg vekt på fagleg kvalitet i tenesteutøvinga og profesjonalitet i alle ledd
  • Gode høve til å påverke utviklinga av Statped sitt tenestetilbod
  • Gode kollegaar og ein organisasjon i utvikling
  • Stillinga vert løna som avdelingsleiar (st.kode 1407) i ltr 70-76 (p.t kl. 631.700- 713.600 brutto pr. år) avhengig av relevant utdanning og erfaring.
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • IA-verksemd
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån

Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 15.08.2018

Web: www.statped.no

Kontakt: Gerd Ingunn Opdal (Regiondirektør)

Telefon: 906 20 938

Powered by Labrador CMS