Stilling:

To nye rådgjevarar innan fagområda (ASK - alternativ og supplerende kommunikasjon og Nevrobiologisk relaterte lærevanskar)

Frist: 10.08.2018

ASK - alternativ og supplerende kommunikasjon og Nevrobiologisk relaterte lærevanskar

Avdeling for samansette lærevanskar i Statped vest har no behov for medarbeidarar med kompetanse, erfaring og interesse for arbeid med barn og unge med store kommunikasjonsvanskar. I tillegg skal vi styrke fagteamet som arbeider med å fremje læring og samhandling hjå barn og unge med nevrobiologiske vanskar.

Felles for begge stillingane er at sakene Statped arbeider med ofte vil vere fleirfagelege og skje i eit samarbeid på tvers av fagavdelingar.

Statped sitt mandat er å fremja tilpassa og inkluderande opplæring. Rådgjevingsarbeidet til PPT, skule og barnehage i kommunar og fylkeskommunar, skal difor fremje dette.

Bruk av teknologi for inkludering og tilpassa opplæring har stort fokus i rådgjevingsarbeidet. Det er difor ynskjeleg med kompetanse og interesse for bruk av digitale læringsressursar. Statped legg også vekt på systemretta arbeid i si tenesteyting.

Som nytilsett vil du få oppfølging av erfarne kollegar og få tilgang til kompetanseheving og evt. hospitering. Du må difor vere motivert for å tileigne deg ny kunnskap og nye ferdigheiter innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging/utgreiing og rådgjeving/rettleiing til ansvarlege kommunale instansar om aktuelle tiltak og tilrettelegging for barn, unge og vaksne med samansette lærevanskar
  • Utvikling og gjennomføring av kompetansehevingstiltak for tilsette i ulike kommunaleinstansar og opplæringsarenaer: lærarar og barnehagelærarar, PP-teneste og andre som arbeider med born, unge og vaksne med samansette lærevanskar
  • Arbeide i faglege nettverk
  • Førelese på interne og eksterne kurs og konferansar
  • Delta i FoU arbeid
  • Delta i andre oppgåver i fagavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning på nivå med mastergrad/ hovudfag/ embetseksamen innan spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller logopedi
  • Det er ønskjeleg med minimum 3 års erfaring frå aktuelle fagområde i arbeid med barn og unge
  • God kjennskap til opplæringssektoren og innsikt/kjennskap til offentleg forvaltning
  • God systemforståing
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne på begge målformer
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten
  • Personleg eigna

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • God til å samhandle, både internt og med eksterne samarbeidspartnarar
  • Resultat- og utviklingsorientert
  • God til å byggje relasjonar og arbeide i team
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Fremjar ein delingskultur

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som rådgjevar/seniorrådgjevar i stillingskode 1434/1364 i ltr. 55-68 (p.t. kr 474.700 - 600.200,- brutto per år)
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk og spennande kompetansemiljø
  • Eit stimulerande og godt fleirfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med blant annet tjenestepensjonsordning og tilbod om ev bustadlån
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Noko reiseverksemd må påreknast.

Web: www.statped.no

Søk på stillingen

Kontakt: Asgerd Eide (Avdelingsleder)

Telefon: 900 23 505

Powered by Labrador CMS