Stilling:

To faste rådgjevarstillingar i Statped vest, fagavdeling høyrsel

Frist: 03.10.2018

Fagavdeling høyrsel har spesialisert fagkompetanse på tilrettelegging av inkluderande læringsmiljø for barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel. Avdelinga gjev individ- og systembaserte tenester, rettleiing/rådgjeving, kompetanseutvikling, kunnskapsformidling og kurs. Særskilt satsingsområde for Statped er IKT og bruk av teknologi som reiskap for inkludering.

Fagavdeling høyrsel ønskjer å rekruttere to rådgjevarar/ seniorrådgjevarar. Sentrale oppgåver i stillingane vil vere rådgjeving/rettleiing knytt til pedagogisk tilrettelegging barnehage og skule i samarbeid med PPT slik at barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel når sine læringsmål. Systematisk arbeid med spreiing av kompetanse til kommunar og fylkeskommunar vil også utgjere ein viktig del av stillinga. Statped vektlegg arbeid med digitalisering av arbeidet vårt, og mykje av rådgjeving og kompetansespreiing skal framover skje på digitale måtar. Søkjarar må ha interesse for å delta i vidareutvikling av slike arbeidsmåtar. Søkjarar må ha interesse for å utvikle høyrselsfagleg spisskompetanse knytt til tilrettelegging for barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel, også i kombinasjon med andre funksjonsnedsetjingar.

Som tilsett i Statped tek du del i erfaringsystematisering og kunnskapsutvikling på spesialpedagogiske fagområde. Det er og forventa at du tek del i regionale samarbeidsmøte og er med på å drive regionale samarbeidsprosjekt saman med PPT og andre samarbeidsinstansar. Ønskjer du å vere med og utvikle vår organisasjon, jobbe med interessante faglege utfordringar og motiverte kollegaer, så er du personen vi leiter etter.

Abeidsoppgåver

  • Rådgjeving/rettleiing til PPT, barnehagar og skular om aktuell tilrettelegging for barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel, evt i kombinasjon med andre vanskar
  • Kunnskapsspreiing og kompetanseutvikling gjennom kurs, opplæring, førelesingar og nettverksarbeid
  • Bidra til kunnskapsutvikling innanfor fagområdet
  • Arbeide i faglege nettverk.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Kontaktperson med ansvar for drift av kommunale/ fylkeskomunale. samarbeidsprosjekter i samarbeid med PPT og andre samarbeidsinstanser.
  • Andre oppgåver innanfor avdelinga og Statped sitt arbeidsområde ved behov.
  • Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, samt teamarbeid innanfor og på tvers av avdelingar.

Kvalifikasjonar

  • Det er primært ønskjeleg med fullført mastergrad. Av særleg interesse er fagområde som audiopedagogikk, pedagogikk, spesialpedagogikk og IKT i læring.
  • Grunnutdanning som lærar, med minuimum 3 års ansiennitet
  • Relevant erfaring frå opplæring av barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel kan i særskilde høve kompensere for manglande utdanning på mastergradsnivå.
  • Ønskeleg med erfaring frå opplæring av barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel
  • God kompetanse og erfaring frå barnehage- og/eller skulesektoren/PPT er ønskjeleg.
  • God kunnskap om forvaltning og utdanningssektoren med lover og forskrifter.
  • Prosess- og rettleiingkompetanse.

Vi tilbyr

  • Stillingane vert løna som rådgjevarar / seniorrådgjevarar i stillingskode 1434/1364, i ltr. 55-68 (p.t. kr 480.600-607.700 brutto per år).
  • Utstrakt bruk av team- og prosjektorganisering
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Gode høve til fagleg utvikling
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • IA-avtale

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning og rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsatt funksjonsevne.

Om du ønsker å reservere deg fra oppføring på offentlig søkerliste må dette opplyses om og begrunnes i søknaden. Opplysninger kan bli offentliggjort selv om du har bedt om ikke å bli oppført på søkerlisten. Du varsles om reservasjon ikke tas til følge, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Den som tilsettes må rette seg etter de til enhver tid gjeldende lover og avtaler for statens tjenestemenn.

Søk på stillingen

Web: www.statped.no

Kontakt: Anne Grethe Melsbø (Fung.avdelingsleiar)

Telefon: 412 16 276

Powered by Labrador CMS