Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar (innovasjons- og forskingsrådgjevar)

Søknadsfrist: 16.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Innovasjons- og forskingsrådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du være med og bidra til å realisere UiB sine strategiske mål innafor forsking og innovasjon?

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig stilling som innovasjons- og forskingsrådgjevar (seniorådgjevar)(100 %) med tilsetjing så snart som mulig.

Det medisinske fakultet er inne i ei ekspansiv og spanande utvikling på mange plan. Fakultetet står midt i planleggingen av en rekke spennende arenaer for innovasjon, både gjennom et nytt innovasjonsbygg (medisinsk inkubator) og gjennom utviklingen av Alrek Helseklynge.

For å styrke innovasjonsaktiviteten ved Det medisinske fakultet søker vi ein rådgjevar som skal ha særskilt ansvar for innovasjon i forsking. Vi har mykje samarbeid med næringslivet og fremmer søknader til nasjonale og internasjonale utlysningar innan innovasjonsretta prosjekt.

Fakultetet har stor breidde og styrke i fagmiljøa og forskingsinfrastruktur i verdsklasse. Vi har som mål å ytterlegare auke vår eksternfinansierte forskingsportefølje. Stillinga er lagt til fakultetet sin forskingsseksjon. Seksjonen tel ni medarbeidarar som arbeidar saman med fakultetsleiinga med utvikling av forskings- og innovasjonsstrategiar, prosjektutvikling, rådgjeving og søknadsstøtte, i tillegg til forvalting av forskarutdanning. Den tilsette rådgjevaren vil vere del av dette teamet.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å byggje opp kompetansen rundt innovasjonsprosessar blant tilsette og studentar på fakultetet.
  • Gje råd og støtte til forskarar ved fakultetet i aktuelle nasjonale og internasjonale utlysningar om forskingsmidlar, med særlig fokus på utlysningar der innovasjon er framtredande.
  • Motivere forskarar ved fakultetet til å søkje eksterne forskingsmidlar
  • Delta i rådgjeving og opplæring av yngre forskarar.
  • Koordinere kontakt med relevante eksterne aktørar
  • Gje råd og støtte til leiinga ved fakultetet og ved institutta i saker som har med innovasjon å gjere.
  • Delta i utvikling av det forskings- og innovasjonsadministrative feltet, og følgje opp strategiar og handlingsplaner ved fakultetet.
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha:

  • relevant praksis frå innovasjonsprosessar
  • god kjennskap til NFR og EU sine finansieringsordningar, og erfaring frå søknadsskriving
  • svært gode kunnskapar i engelsk, skriftleg og munnleg

Det er ein fordel med:

  • doktorgrad i relevant fagfelt
  • kjennskap til medisinske og naturvitskaplege fagfelt
  • røynsle frå forskings- og utdanningssektoren
  • røynsle frå innovasjon i privat sektor
  • gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
  • det vil bli lagt vekt på brei røynsle i innovasjon.

Vi søkjer ein person som:

  • er ein pådrivar og initiativtakar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • er motiverande og har evne til å fremje samarbeid på tvers av fagmiljøa
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er fleksibel og serviceinnstilt
  • er systematisk og analytisk
  • har evner og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt
  • er god til å arbeide strategisk, strukturert og målretta innan fristar
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364 ) i lønssteg 68-74 (for tida kr 607 700-682 200 brutto pr.år). For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prodekan Marit Bakke marit.bakke@uib.no tlf. 95818531 eller
  • Seksjonssjef Tone Friis Hordvik Tone.Hordvik@uib.no tlf. 97001134

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS