Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Innovasjons- og forskingsrådgjevar (seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 22.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

For å styrke innovasjonsaktiviteten ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet søkjer vi ein rådgjevar med interesse for innovasjon, til ei nyoppretta stilling med særskilt ansvar for innovasjon i forsking. Forskingsrådgjevaren skal òg vere administrativ koordinator for Norsk marint universitetskonsortium (NMU) og må difor òg ha god innsikt i nasjonal og internasjonal marin/maritim forsking. NMU er eit institusjonelt samarbeid mellom norske universitet og høgskular med større marin eller maritim aktivitet og tar mellom anna hand om den norske universitets- og høgskulesektoren sitt medlemskap i The European Marine Board (EMB). Stillinga inneber brei kontakt med tilsette i ulike fagmiljø ved fakultetet, med Forskingsadministrativ avdeling på UiB og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren skal mellom anna

  • bidra til å byggje opp innovasjonskompetanse i fagmiljøa ved fakultetet
  • gje råd og støtte til forskarar som skriv innovasjonsretta prosjektsøknader
  • rettleie, utgreie og koordinere arbeid innanfor stillinga sitt ansvarsområde og vere kontaktperson i samarbeidet med VIS, Bergen sitt TTO
  • gje råd og støtte til leiinga ved fakultetet og institutta i innovasjonsstrategiske saker innan forsking og utdanning
  • vere sekretær for NMU sitt styre og generalforsamling og følgje opp vedtak
  • drifte kanalar og fora for å sikre god interaksjon med og mellom dei relevante fagmiljøa ved NMU sine medlemsinstitusjonar og EMB, og sjå til at medlemsinstitusjonane får høve til å ta del i faglege prosessar i regi av EMB
  • bidra til å initiere og leggje til rette for utvikling av samarbeid om infrastruktur og innan forsking og utdanning mellom medlemsinstitusjonane i NMU

Stillinga inneber noko reiseverksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du har

  • utdanning på minimum mastergradsnivå innan eit relevant fagområde, fortrinnsvis marint eller maritimt. Doktorgrad vil vere ein føremon.
  • Erfaring med innovasjonsarbeid tel positivt.
  • god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren, EU, Forskingsrådet og deira verkemiddel og til andre relevante forskingspolitiske aktørar
  • god innsikt i samarbeid mellom akademia, næringsliv og forvalting og forståing og blikk for forskings- og kunnskapsbasert innovasjon
  • brei og solid forskingsadministrativ erfaring, gjerne frå større forskingsprosjekt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god organisasjons- og sektorforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk

Du er

  • ein pådrivar og initiativtakar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • ein relasjonsbyggjar med evne til å stimulere til samarbeid mellom ulike faggrupper og institusjonar, i stand til å byggje nettverk og vere ein god representant for UiB og NMU
  • samarbeidsorientert med gode kommunikasjonseigenskapar og forståing for målgruppetilpassa informasjon og kommunikasjon
  • serviceinnstilt og fleksibel med evne til å arbeide på tvers av tradisjonelle faggrenser
  • systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig og sjå moglegheiter

Vi legg vekt på

  • relevant og brei erfaring
  • personlege eigenskapar naudsynte for stillinga

Vi kan tilby:

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68–74 (for tida kr 607 700 - 682 200 brutto pr. år). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Om fakultetet

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet bringar fram ny kunnskap som er med å løyse grunnleggjande vitskaplege problem, samfunnsutfordringar og møte behovet for omstilling. Det gjer vi gjennom forsking, utdanning, samarbeid på tvers av fag og disiplinar og større satsing på innovasjon. Gjennom djupare innsikt og felles innsats er det vår ambisjon at fakultetet skal få sterkare påverknad og større betyding i samfunnet.

Fakultetet har om lag 800 tilsette fordelte på sju institutt. Ekstern finansiering er ein vesentleg del av forskingsfinansieringa, og det utgjer p.t. om lag 40 % av fakultetet sitt samla budsjett på om lag 1 milliard kroner. Fakultetet sin handlingsplan for innovasjon er førande i innovasjonsarbeidet.

Om Norsk marint universitetskonsortium (NMU)

NMU koordinerer norske universitet si deltaking i European Marine Board (EMB) og fremjar NMU sine synspunkt og legg til rette for norsk deltaking i prosessar i regi av EMB. NMU er òg ein arena for å utvikle marine og maritime faglege og fagleg-politiske innspel til EU og andre internasjonale styresmakter og eit forum for utvikling av samarbeid mellom medlemmane.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, +47 55 58 81 98 / +47 975 57 135

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS