Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Dagleg leiar (seniorrådgjevar) for Energiomstillingsklyngen VEST

Søknadsfrist: 31.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi søkjer ein seniorrådgjevar med engasjement for samarbeid mellom forsking og næringsliv til å utøve den daglege leiinga av den nystarta kunnskapsklynga Energiomstilling VEST.

Energiomstilling VEST er ei kunnskapsklynge i oppstartfasen basert på eit institusjonelt samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen Vestlandet (HVL), NHH og NORCE. Intensjonen er å skape meirverdi og vekst mellom akademia og næringsliv/offentleg forvaltning gjennom prosjektsamarbeid, kunnskapsoverføring og felles arenaer.

Til å utøve den daglege koordineringa og leiinga av kunnskapsklynga søkjer vi ein engasjert og motivert leiar med god innsikt i det nasjonale og internasjonale forskingslandskapet på feltet, og med brei industri-kontakt.

Leiaren vert tilsett ved UiB med arbeidsplass ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, men stillinga er eit spleiselag mellom NORCE, HVL og NHH. Den som vert tilsett skal vere eit bindeledd mellom desse institusjonane og representere «one-point-of contact» for eksterne samarbeidspartnarar. Næraste administrativt overordna er dekan for Energiomstilling ved UiB.

Stillinga kan bli endra dersom Energiomstilling VEST opphøyrer.

Arbeidsoppgåver

Leiaren skal mellom anna

  • drifte kanalar og fora for å sikre god interaksjon og kommunikasjon i klynga og eksternt
  • vere profil utad og ha kontakt med industri, næringsliv og forvaltning
  • følgje med på politiske og strategiske signal, rapportar og dokument samt halde klynga oppdatert
  • sjå moglegheiter, bidra til å initiere og leggje til rette for å utvikle samarbeid innan forsking, utdanning og innovasjonsprosjekt mellom institusjonane og næringslivet
  • organisere søkjarseminar for klynga samt partnare i næringslivet og det offentlege
  • fasilitere faste møte med leiargruppa (eit fast medlem frå kvar partnar, pluss ein møtande vara frå kvar) og klynga sitt industriråd osv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du har

  • utdanning på minimum mastergradnivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravet.
  • brei relevant praksis og relevant spesialkompetanse på høgt nivå. Det kan til dømes vere
    • erfaring frå arbeid på strategisk og operativt nivå og på tvers av disiplinar og sektorar
    • kjennskap til fagmiljø, næringsliv, klynger og offentleg sektor innan klima og energiomstilling
    • og/eller forskingsadministrativ erfaring, gjerne frå større forskingsprosjekt,
    • arbeid med prosjektsøknadar (EU, NFR)
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter

Du er

  • ein pådrivar og initiativtakar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • ein relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonseigenskapar og evne til å stimulere til samarbeid mellom ulike faggrupper og verksemder og i stand til å byggje nettverk og vere ein god representant for klynga
  • serviceinnstilt og fleksibel
  • systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig og sjå moglegheiter

Vi legg vekt på

  • relevant og brei erfaring
  • personlege eigenskapar naudsynte for stillinga

Vi kan tilby

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø med gode vilkår for personleg og fagleg utvikling
  • stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68- 74 (for tida kr 615 900,- – 691 400,-) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Gunn Mangerud (mobilnummer 97557137).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS