Ledig stilling på Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent ved HEMIL-senteret

Søknadsfrist 01.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet er det ledig ei midlertidig stilling som vitskapleg assistent (100 %). Stillinga er knytt til kvalitetssikring av data i HEVAS-prosjektet og er for ein åremålsperiode på inntil to år avhengig av prosjektets økonomi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er knytt til HEVAS-prosjektet som omhandlar den norske delen av datainnsamlinga for prosjektet ”Health Behaviour in School-aged Children. A WHO Cross-national study”.
  • Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
    • rensking av norske og internasjonale data
    • analyse av norske og internasjonale data, inklusiv utforming av tabellar
    • skriving av norsk rapport og bidra til utforming av internasjonal rapport i studien
    • handsame søknader om tilgang til data, inklusiv administrering av opne data frå studien
    • bistå i løpande forskningsadministrativ verksemd knytta til studien og andre prosjekt forskningsgruppa der prosjektet inngår, har ansvar for.
  • Arbeidsstad for stillinga er Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha avlagt bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad, innan helsefremjande arbeid.
  • Søkjaren må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i både norsk og engelsk
  • Søkjaren må ha erfaring med utvikling av spørjeskjema og analyse av surveydata. Det er ein fordel om søkjaren kan dokumentere erfaring med både innsamling, rensking og rapportering av surveydata.

Om stillinga som vitskapleg assistent:

I henhold til «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat» vert denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og samla tilsettingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 42-45 (kode 1019/1020) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 391 400 - 408 700 brutto.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad
  • CV med kopi av eventuelle skriftlige arbeider
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS