Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar ved HR - avdelinga

Søknadsfrist: 18.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Universitetet i Bergen søkjer ein karriere- og omstillingsrådgjevar. UiB ønskjer å vere best mogeleg rigga for å møte auka krav til endring og kompetanseutvikling. Seniorrådgjevaren skal arbeide med å utvikle interne strukturar og verktøy for dette arbeidet. Vi ser etter ein medarbeidar som forstår universitet som institusjon, men samtidig evnar å utfordre oss.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere rådgiving, utgreiing og sakshandsaming knytt til omstilling, endring og kompetanseutvikling:

  • Utvikle verktøy og rutinar for strategisk personalplanlegging
  • Arbeid med kompetanseanalysar og -utvikling med eit særskilt fokus på utvikling av intern kompetanse og intern mobilitet
  • Prosesstøtte innafor saksfelta knytt til stillinga
  • Delta i og leie utviklingsprosjekt
  • Samarbeid med leiarar, tillitsvalde og eksterne aktørar
  • Samarbeid med HR-funksjonar ved fakultet og institutt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og dokumentert erfaring frå prosjektarbeid
  • Kunnskap om og erfaring frå trepartssamarbeidet og bruk av tariffavtaler og regelverk
  • Trygg i bruk av engelsk som arbeidsspråk
  • Evne til å motivere og arbeide sjølvstendig
  • Løysingsorientert og tørre å utfordre det etablerte

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68 - 74 (for tida kr 615 900 - 691 400 ) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Underdirektør Britt-Karin Muri, HR-avdelinga, tlf. nr. 406 24 412 eller
  • Seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, HR-avdelinga, tlf. nr. 918 19 544

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS