Stilling:

Seniorrådgjevar - innovasjon og forskingsinfrastruktur

Søknadsfrist 6. desember 2018

Vil du vere med og bidra til å realisere UiBs strategiske mål innan forsking og innovasjon?

Ved Forskingsadministrativ avdeling er det ledig ei stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med rådgjeving knytt til eksternfinansiering av forsking. Du vil arbeide i eit team med engasjerte og dyktige kollegaer, og vi planlegg nå å styrke dette teamet med ei stilling som skal arbeide med innovasjon i forskingsprosjekt, og å bidra til utvikling av forskingsinfrastrukturarbeidet ved UiB. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Forskingsadministrativ avdeling er ein del av den sentrale administrasjonen ved UiB, og tel om lag 28 medarbeidarar. Avdelinga gjev service, råd og støtte til universitetsleiinga, fakulteta og forskarar. Ein stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og den forskingsadministrative spisskompetansen har stor betyding i dette arbeidet.

Stillinga inneber mykje kontakt med forskarar og forskingsadministratorar i ulike fagmiljø ved universitetet og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Som seniorrådgjevar vil du arbeide med rådgjeving og støtte til prosjektsøknadar, og du vil mellom anna være ansvarleg for programområder til EU, Norges forskingsråd og andre finansieringskjelder både nasjonalt og internasjonalt der innovasjon har eit særleg fokus.

Rådgjevaren skal mellom anna:

  • bidra til å byggje opp innovasjonskompetanse hos forskningsmiljøa ved UiB
  • gje råd og støtte til forskarar som skriv prosjektsøknadar der innovasjon har betydning
  • rettleie, utgreie og koordinere arbeid i samband med forskarar
  • kvalitetssikre og utvikle rutinar for søknadsarbeidet
  • bistå i utvikling av forskingsinfrastrukturarbeidet ved UiB

Du har:

  • Minimum mastergrad, fortrinnsvis doktorgrad. Realkompetanse med relevans for arbeidsoppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • erfaring med NFR og evt. EU sine forskings- og innovasjonsprogram, eller tilsvarande
  • solid saksbehandlingserfaring og grundig kjennskap til det norske universitets- og forskingssystemet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:

  • ein pådrivar med stor arbeidskapasitet
  • ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • serviceinnstilt og fleksibel
  • systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg vekt på:

  • relevant og brei erfaring
  • personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:

  • ei avdeling i spanande utvikling
  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-74 (for tida kr. 607 700 – 682 200 pr år) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine- medarbeidere

Kontaktperson for stillinga:

  • Fung. avdelingsdirektør Christen Soleim: +47 414 79 181

Generelle opplysningar

Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Viss oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast om du får melding om dette.

Søknadsfrist: 06.12.2018

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS