Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (prosjektadministrator) - Institutt for biovitenskap

Søknadsfrist 26.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar (prosjektadministrator)

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som rådgjevar (prosjektadministrator).

BIO er med sine ca. 260 tilsette og omtrent 670 studentar eit stort og faglig vidfamnande institutt, med forskingsaktivitet innan bl.a. utviklingsbiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, evolusjonsbiologi, miljøtoksikologi, økologi og biodiversitet. Instituttet er sterkt involvert i tema som havbruk, fiskehelse og fiskeri, og om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

Undervisninga ved instituttet dekker eit bredt spekter av biologiske disiplinar og omfattar to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (Fiskehelse, Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

BIO har stor eksternfinansiert forskingsaktivitet og har høge målsetingar om å i enda større grad basere forskinga si på eksterne midlar. Fleire av prosjekta krev ulik grad av administrativ støtte i driftsfasen, og instituttet lyser difor no ut fast stilling som prosjektadministrator. Prosjektadministratoren vil vere ein del av forskings- og stabsseksjonen ved instituttet. Det er starta ein prosess for å vurdere om det ved fakultetet skal opprettast ein støttefunksjon til prosjektdrift for institutta. Dersom dette vert noko av, vil denne utlyste stillinga kunne flyttast til fakultetsnivå.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av kick-off møter, prosjektmøter, workshops etc. (innkalling, oppsett av program, referat, praktisk tilrettelegging)
  • Deltaking som administrativ representant på prosjekt- og partner møter innan- og utanlands
  • Assistere i prosjektleiing/koordinering – oppfølging av milepælar, halde kontakt med prosjektøkonom om budsjett/regnskap, følge opp prosjektframdrift
  • Støtte til rapportering (delta i skriving, oppfølging av partner-rapportering - rapporteringsmalar, koordinere økonomirapportering, publiseringsinformasjon, resultatindikatorar, milepælar, rapportering for EU-prosjekt).
  • Særskild ansvar for administrativ oppfølging av einskilde større prosjekt (til dømes EU prosjekt)
  • Oppfølging av årshjul for møter og rapportering
  • Websider (få oppretta og vedlikehalde)
  • Intern informasjonsflyt i prosjekter
  • Kommunikasjon mot institutt/fakultetsadministrasjon

Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på masternivå innan relevante fag, gjerne med økonomi, prosjektadministrasjon og/eller -leiing i fagkrinsen
  • Relevant administrativ erfaring er eit krav.
  • Erfaring med prosjektgjennomføring og/eller prosjektadministrasjon vil vera ønskjeleg.
  • Kjennskap til NFR og EU sine forskingsprogram samt rammevilkåra for universitetssektoren vil vera ein føremon.
  • Svært gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (båe målformer).
  • Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:

  • Evne til å motivere, skape kontakt og fremme samarbeid.
  • Evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og serviceorientert, og trivst med å bidra til betre og smartare måtar å administrere arbeidet på.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta.
  • Evne og vilje til raskt å sette seg inn i nye saksfelt og handtere komplekse problemstillingar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Kvalitetsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1438) i lønssteg 58 - 62 (for tida kr 505 800 – 555 100) i det statlege lønsregulativet.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar finn ein på UiB sine nettsider:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS