Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (økonomikoordinator / controller) - Klinisk Institutt 2 (K2)

Søknadsfrist: 24.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar (økonomikoordinator/controller)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2 (K2), er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (økonomikoordinator/controller) (100 %) med tilsetjing i januar 2020. Klinisk Institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen, både med tanke på talet på tilsette og budsjettomfang. Instituttet består av 350 tilsette og ein administrasjon på 20 personar. Økonomiseksjonen ved instituttet har totalt sju tilsette. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner. Våre vitskapelege kollegaar driv med undervisning og forsking innan eit breitt spekter av fagområde, som kreft, hjarte, lunge, geriatri, pediatri, med meir. Det er administrasjonen sin oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda.

Vår eksisterande koordinator skal no vidare til andre utfordringar, og vi søkjer difor ein ny kollega til å handtere vår travle og spennande økonomiseksjon. Rådgjevaren er arbeidsleiar ved økonomiseksjonen og samarbeider tett med administrasjonssjefen og instituttleiinga, så vel som våre vitskapelege tilsette og andre einingar ved Det medisinske fakultet og Universitetet i Bergen. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon i eitt spennande og dynamisk fagmiljø med dyktige folk. Vi søkjer deg som trivast i eit travelt miljø, som samarbeider og kommuniserer godt med andre og som har høg gjennomføringsevne.

Arbeidsoppgåver:

  • dagleg leiing av økonomiseksjonen
  • økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • økonomistyring av ekstern- og internfinansierte forskingsprosjekt
  • støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
  • kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • utvikling og forbetringsarbeid av økonomiseksjonen og arbeidsmetodar
  • mogelegheiter for delegert personalansvar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskeleg
  • god forståing og erfaring frå alle prosesser i prosjektøkonomi er ein føremon
  • gode ferdigheter i Excel
  • evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Vi søkjer ein person som

  • har leiareigenskapar og kan motivera andre
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • er positiv og serviceinnstilt
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • kan løyse oppgåver av særleg komplisert karakter som krev stor grad av samhandling og sjølvstende

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 513 600 – 573 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen