Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (Økonomiavdelinga)

Søknadsfrist 27.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar for eksternfinansierte prosjekter ved UiB

Ved Økonomiavdelinga i seksjon for prosjektøkonomi er det ledig ein 100 % stilling som rådgjevar innan området eksternfinansierte prosjekter (BOA). Vi søkjer i den forbindelse etter ein utadvendt og sjølvgåande person med initiativ og gode kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk. Stillinga inngår i ei gruppe av 8 rådgjevarar som varetek eit bredt spekter av økonomisk/administrative oppgåver knytt til administrasjon av eksternt finansierte prosjekter. Nokon av satsingsområda til UiB er å få fleire prosjekt innan EUs rammeprogram for forsking i Horisont 2020, HorisontEuropa og innafor dei ulike programma til Norges Forskningsråd.

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen
  • Rådgjeving i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning
  • Bidra til vidareutvikling og digitalisering av prosjektøkonomiprosesser og rutinar
  • Opplæring av administrasjonsleiarar og økonomar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på masternivå
  • Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og styring i større verksemder
  • Erfaring frå rådgjeving i komplekse problemstillingar
  • Har erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
  • God rekneskaps- og tallforståing
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd vil være en styrke
  • Kjennskap til Oracle Financials eller liknande system vil vere ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Sjølvgåande
  • Initiativrik
  • Strukturert
  • Leveransedyktig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Språk

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1364) blir lønna i ltr. 58-64 og for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Økonomidirektør Per Arne Foshaug tlf. 90 28 46 61 e-post: per.foshaug@uib.no eller
  • Seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22 e-post: kari.eidsheim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Økonomiavdelinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS