Stilling:

Rådgjevar - Forskingsstøtte

Søknadsfrist 31. desember 2018

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som rådgjevar i Forskningsseksjonen ved fakultetssekretariatet.

Fakultetet har som mål å auke vår eksternfinansierte forskingsportefølje ved auka søknadsaktivitet. For å nå måla våre lyser vi ut stilling som forskingsrådgjevar retta mot å henta inn eksterne forskingsmidlar. Stillinga er lagt til fakultetet sin forskingsseksjon, med rådgjeving til fagmiljø og leiarar ved institutta. Seksjonen tel 5 medarbeidarar som arbeidar i tett dialog med fakultetsleiinga om mellom anna utvikling av forskingsstrategiar, prosjektutvikling, rådgjeving og søknadsstøtte, i tillegg til forvalting av forskarutdanning. Forskingsrådgjevaren vil arbeide strategisk i dette teamet.

Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand. Forskingsseksjonen er del fakultetsadministrasjonen og har ansvar for fakultetet si personal- og økonomiforvaltning, og studie- og forskingsadministrasjon. Sekretariatet utfører sekretæroppgåver for fakultetsstyret og førebur i samråd med den faglege leiinga saker for dei styrande organa. Fakultetet har gode samarbeidsrelasjonar med andre fakultet, randsoneinstitusjonar, helseføretak og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og bistand til institutt/forskingsgruppe og enkeltforskarar ved søknader om eksterne midlar, særleg til NFR og EU
  • Kvalitetssikring av søknadar og arbeid med forskingskontraktar
  • Kartlegging av finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt, og påfølgande informasjon retta mot fakultetet sine forskarar og fagmiljø
  • Motivere forskarar ved fakultetet til å søke eksterne prosjekt
  • Utarbeiding av søknadsstatistikk, prosjektoversikter og andre statistikkar på bakgrunn av CRIStin, DBH mfl.
  • Saksførebuing og oppfølging av saker til Forskings- og forskarutdanningsutvalet og fakultetsstyret
  • Koordinering av forskingssaker mot personal- og økonomiseksjon, informasjonsarbeid

Vi søker ein rådgjevar som:

  • Har høgre utdanning på master- eller doktorgradsnivå, eventuelt med særleg erfaring og kompetanse tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Har evne til å motivere og fremje samarbeid på tvers av fagmiljøa, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling.
  • Har evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, vere kvalitetsbevisst, kunne arbeide strategisk, strukturert og målretta innan fristar.
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk og engelsk.
    • Har god kjennskap til universitetssystemet, forskingsfinansiering og relevante eksterne samarbeidspartnarar.

Erfaring frå sakshandsaming innan offentleg forvalting, utgreiingsoppgåver og kjennskap til fagmiljø ved fakultetet er ein føremon.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode1434) i lønssteg 58-63, etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 505 400 – 555 100. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Fakultetet skal flytte inn i nye bygg dei næraste åra, og er såleis i endring. Dette vil kunne gje monaleg høve til påverknad av eigen arbeidssituasjon.

Slik kan du søke:

Søknad med CV og relevante vedlegg må lastast opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknadar som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurderte.

Vi gjer merksame på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Søknadsfrist: 31.12.2018

Søknaden skal merkast: 18/14046

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetssekretariatet ved Det psykologiske fakultet

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søke stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga