Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektkoordinator (rådgjevar) - Universitetsmuseet

Søknadsfrist: 23.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektkoordinator (rådgjevar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssenter. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her:

https://www.uib.no/universitetsmuseet

Ved Universitetsmuseet er det ledig eit vikariat som rådgjevar (prosjektkoordinator) knytt til Arena for forskingskommunikasjon, frå 1. juli 2019 til 1. april 2020 med moglegheit for forlenging. Arenaen er lokalisert i det rehabiliterte museumsbygget til Universitetsmuseet, Muséplassen 3, som opnar 14. oktober 2019. Arena for forskingskommunikasjon skal gjennom ulike formidlingsformat og -metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Arenaen vil vere ein møteplass for akademia og samfunn. Den vil leggje til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gi innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Det vil vere ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Arenaen er organisert som eit tre-årig prosjekt som skal evaluerast i 2021. Siktemålet er at arenaen dernest skal vidareførast og organiserast som del av den ordinære verksemda ved museet. I prosjektperioden vil prosjektkoordinator ha særskilt ansvar for å koordinere arenaens prosjektportefølje og vil rapportere direkte til arenaleiar. Personalansvaret for stillinga ligg hjå administrasjonssjefen.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utviklinga og gjennomføringa av Arena for forskingskommunikasjon sitt program
  • Ta del i utviklinga av prosjektporteføljen og kuratere midlertidige utstillingar
  • Kommunisere UiBs forsking til omverda gjennom ulike formidlings- og kommunikasjonsformat og metodar - i og eventuelt utanfor arenaen - med ein høg utskiftingsfrekvens
  • Vedlikehalde og byggje nye nettverk mot relevante UiB-miljø, musé og andre institusjonar
  • Ta del i utvikling og gjennomføring av seminar- og konferanseverksemd ved Arenaen.

Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver, basert på erfaringane i prosjektperioden og sluttevaluering av prosjektet i 2021.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og kompetent person med brei erfaring frå forskingskommunikasjon, prosjektkoordinering og relevant museumsarbeid. Vedkommande må ha god målgruppeforståing, og evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team. Personlege eigenskaper som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Personen vi søkjer må ha:

  • Høgare utdanning på masternivå
  • Erfaring frå utstillingsproduksjon
  • Kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd
  • God innsikt i og forståing for forskingskommunikasjon i ulike formidlingsformat
  • Kompetanse innan filmproduksjon
  • Brei erfaring frå å koordinere og samarbeide med ulike ekspertisar
  • Beherske norsk og engelsk både skriftleg og munnleg

Ytterligare kvalifikasjonar som vil bli vektlagt:

  • Erfaring frå undervisning, og formidlingsarbeid i musé
  • Kunnskap om og erfaring med den typen aktivitetar som skal finne stad i arenaen
  • Kjennskap til digital verktøy som InDesign, Photoshop etc.
  • Erfaring frå marknadsføring i ulike medium

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434 i lønssteg 62-67 (for tida kr 544.400-597.400) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Arenaleder Eli Kristine Økland Hausken, telefon 55589363/48133749, epost: eli.hausken@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS