Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Controller (økonomikoordinator / rådgjevar)

Søknadsfrist: 05.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Controller (økonomikoordinator/rådgjevar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast 100 % stilling som Controller (økonomikoordinator/rådgjevar) med tilsetjing snarast. Den som vert tilsett i stillinga vil vere arbeidsleiar for og ha det daglege arbeidsleiaransvaret for dei fem tilsette på økonomiområdet. Økonomikoordinatoren rapporterer til administrasjonssjef og samarbeider tett med instituttleiinga.

Ved instituttet driv me undervisning og forsking innan eitt bredt spekter av fagområder; eldremedisin, fysioterapivitskap, allmennmedisin, helseregistre (Mor- barn- undersøkinga, dødsårsaksregisteret, osv.), global helse, arbeidsmedisin, for å nemne nokon. Det viktig å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglige verksemda og du som blir tilsett som vår nye controller vil jobbe i ei høgt kompetent og inkluderande administrasjon i eitt spennande og dynamisk fagmiljø med dyktige folk.

Arbeidsoppgåver:

  • dagleg leiing av økonomiseksjonen
  • økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og fagområdeleiarane ved instituttet
  • støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
  • andre administrative oppgåver kan også verte lagt til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må ha:

  • økonomiutdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • relevant praksis
  • gode ferdigheiter i Excel
  • evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Erfaring med prosjektarbeid er ønskjeleg.

Vi søkjer deg som

  • er initiativrik og serviceinnstilt
  • har leiareigenskapar og kan motivera andre
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • kan løyse oppgåver av særleg komplisert karakter som krev stor grad av samhandling og sjølvstende

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 505 800 - 565 500) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Siri Smith, e-post: siri.smith@uib.no, tlf.: 55 58 63 42

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS