Stilling:

Tre nye rådgjevarar / seniorrådgjevarar innan fagavdeling samansette lærevanskar

Frist: 14.12.2018

Avdeling for samansette lærevanskar i Statped vest har ledig tre faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Avdelinga har som oppgåve å gje tenester til barn, unge og vaksne med komplekse og samansette lærevanskar. Dette skjer i nært samarbeid med PPT og fagpersonar i kommune/fylkeskommune. Statped sitt mandat er å fremje tilpassa og inkluderande opplæring, og felles for stillingane er at rådgjevingsarbeidet skal fremje dette.

Den eine stillinga vil vere innan fagområdet ASK (alternativ og supplerande kommunikasjons). Søkjar bør difor ha kompetanse, erfaring og interesse for å arbeide med barn, unge og vaksne med store kommunikasjonsvanskar og bidra til kunnskapsformidling og rettleiing til fagpersonar i PPT, barnehage og skule.

Dei to andre stillingane vil vere knytt til arbeid med nevrobiologiske relaterte lærevanskar og til å arbeide med rettleiing og bistand til PPT i høve organisasjonsutvikling og endringsarbeid i barnehagar og skular. Fokus for dette arbeidet vil vere knytt til arbeid med å betre det ordinære opplæringstilbodet for barn og unge med spesialpedagogiske behov og arbeide for eit inkluderande læringsmiljø.

Bruk av teknologi for inkludering og tilpassa opplæring har stort fokus i rådgjevingsarbeidet. Det er difor ynskjeleg med kompetanse og interesse for bruk av digitale læringsressursar. Det blir lagt til rette for opplæring i digital grunnkompetanse.

Som nytilsett vil du få oppfølging av erfarne kollegar og få tilgang til kompetanseheving.

Søkjarar bør ha god innsikt i barnehage og skule som organisasjon, i tillegg til god kompetanse innan endringsarbeid, prosessrettleiing og spesialpedagogikk. Det er ein fordel med erfaring frå utdanningssektoren.

Arbeidsoppgåver

· Kartlegging/utgreiing og rådgjeving i eit heilskapleg individ-systemisk perspektiv, knytt til barn, unge og vaksne innafor fagområdet

· Utvikle og gjennomføre kompetansehevingstiltak, for tilsette i ulike kommunale instansar og opplæringsarenaer: lærarar, barnehagelærarar og PP-tenesta og andre som arbeider i opplæringssektoren.

· Ansvarleg for å drive ulike nettverkssamarbeid med PPT-tenesta

· Bidra til kunnskapsutvikling på det spesialpedagogiske fagfeltet i form av prosjektdeltaking og tiltaksutvikling, gjerne i samarbeid nasjonale fagsentra og universitet og høgskular

· Førebu og gjennomføre førelesingar på kurs og konferansar

· Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, i tillegg til teamarbeid/nettverksarbeid, både innafor- og på tvers av fagavdelingar i Statped?

· Bidra i andre oppgåver innanfor avdelinga og Statped sitt ansvarsområde ved behov

Kvalifikasjonar

· Høgre utdanning på nivå med mastergrad/ hovudfag/ embetseksamen innan spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, logopedi eller tilsvarande

· For stillinga knytt til ASK-området kan søkjarar utan master, men som har særs høg fagleg spisskompetanse innan ASK-området, verte vurderte

· Søkjarar bør ha god innsikt i barnehage og skule som organisasjon, i tillegg til god kompetanse innan endringsarbeid, prosessrettleiing og spesialpedagogikk

· Det er ein fordel med erfaring frå utdanningssektoren

· God system- og forvaltningskunnskap

· God kompetanse på bruk av digitale verktøy og arbeidsformer er ein fordel

· God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Kunne skrive på begge målformer

· Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten

· Personleg eigna

Personlege eigenskapar

· God til å samhandle og bygge relasjonar

· Fleksibel og løysingsorientert

· Strukturert og analytisk, med god gjennomføringsevne

· Tar initiativ til nytenking og fremjar ein delingskultur

· Trivs med stort arbeidspress i periodar

Vi tilbyr

· Stillinga vert løna som rådgjevar/seniorrådgjevar i stillingskode 1434/1364 i ltr. 55-68 (p.t. kr 480 600 - 607 700,- brutto per år)?

· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk og spennande kompetansemiljø

· Eit stimulerande og godt fleirfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse ?

· Gode faglege utviklingsmoglegheiter ?

· Medlemskap i Statens pensjonskasse med blant annet tjenestepensjonsordning og tilbod om ev bustadlån ?

· Fleksibel arbeidstidsordning

· Kontorstad er Bergen

Noko reiseverksemd må påreknast.

Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Søk på stillingen


Spørsmål om stillingen:

Kontaktperson: Asgerd Eide

Stillingstittel: Avdelingsleder

Powered by Labrador CMS