Stilling:

Ei fast rådgjevarstilling som psykolog / spesialist i klinisk nevropsykologi i Statped vest, fagavdeling syn

Frist 18.12.2018

I fagavdeling syn arbeider det i dag ti synspedagogar og no har vi behov for å rekruttere ein psykolog med fordjuping i nevropsykologi. Vi søkjer deg som kan inngå i ulike samarbeidsrelasjonar, kan jobbe sjølvstendig, er utviklingsorientert og som kan bidra til nyskaping innan nevropsykologiske utgreiingar knytt til barn, unge og vaksne med sansetap. Den som vert tilsett vil høyre til fagavdeling syn, men vil inngå i eit team som i dag består av tre andre psykolog/ psykologspesialistar.

Sentrale oppgåver i stillinga er utgreiing og rådgjeving i den hensikt å kunne sette inn tiltak i høve utvikling og læring for barn i barnehage og skule. Stillinga er knytt til fagavdeling syn og utgreiing av barn og unge med sansetap vil vere sentralt. Den som vert tilsett vil også få eit særskilt ansvar for barn og unge med visuelle persepsjonsvanskar. Mykje av dette arbeidet er fleirfagleg og vil derfor skje i eit samarbeid på tvers av fagavdelingar.

Søkjarar må ha kompetanse i nevropsykologisk utgreiing. I tillegg til utgreiing og rådgjeving er utviklingsarbeid sentralt i stillinga. Søkjarar som både har erfaring frå klinisk arbeid samt frå forsking, vil bli prioritert.

Søk på stillingen

Kontaktperson: Bente Krakhellen (Avdelingsleder)

Telefon: 971 87 876

Hjemmeside: www.statped.no

Powered by Labrador CMS