Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsrådgjevar (rådgjevar / seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 12.08.2019

Vil du vere med på å auke den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved Det juridiske fakultet?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden,Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/Seniorrådgjevar

Om stillinga

Ved det juridiske fakultet er det ledig eit års vikariat i 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.

Fakultetet har fleire spanande prosessar undervegs som du vil bli del av: No, og det kommande året arbeider vi med utvikling av konkrete søknader om ERC Consolidator Grant og Senter for framifrå forsking. Noregs forskingsråd føretek ei nasjonal evaluering av rettsvitskapeleg forsking i første del av 2020. Fakultetet ønskjer seg også fleire eksternfinansierte forskingsprosjekt frå NFR og EU. Som forskingsrådgjevar vil du bidra aktivt til arbeidet med å sikre at fakultetet lukkast betre i konkurranse om eksterne forskingsmidlar og auke prosjektsporteføljen. Som ein del av dei større prosessane som vil skje på fakultetet i 2020 vil det være moglegheit til å få fagleg spannande og sjølvstendige oppgåver og ein moglegheit til å fylgje langsiktige utviklingsprosjekt i tett samarbeid med høgt kompetente forskarar på fakultetet. Du vil inngå i administrasjonen sitt forskingsadministrative team og arbeide tett saman med fagleg leiing i oppfølging av forskingsstrategiar. Du vil og arbeide saman med enkeltforskarar og forskingsmiljø i utvikling av nye forskingsprosjekt og med å følgje oppnådde forskingsprosjekt vel i hamn. Den som vert tilsett kan og få andre oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Informere fagmiljøa om relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og satsingar Motivere forskarar til å søkje eksternfinanserte prosjekt
  • Delta i søknadsskrivinga
  • Støtte forskarar i oppstart av nye prosjekt og med rapporteringar i driftsfasa Utarbeide oversikter, analyser og rapportar for leiinga
  • Gjere utgreiingar sjølvstendig og i team, skrive saksframstillingar til utval og fakultetsstyret
  • Bidra med informasjon og forskingsrelevante saker til fakultetet sine nettsider og digitale nyheitsbrev

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i gradenKunnskap om nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og forskingsprogram og kunnskap om rammevilkåra i universitetssektoren
  • Kompetanse innan forskingsadministrasjon, prosjektadministrasjon/leiing, inkludert grunnleggande budsjettering og økonomiforvaltning. Forskingsadministrativ røynsle er ein føremon
  • Erfaring frå offentleg forvaltning inkludert utgreiingar, analysar og det å støtte ei fagleg eller politisk leiing
  • Gode kommunikasjonsevner. Du kan formulere deg godt skriftleg og munnleg både på engelsk, nynorsk og bokmål Relevant, praktisk og god administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes Evne til å tenke strategisk, sjå behov og ta initiativ
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet

Vi kan tilby:

  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Varierte og fagleg utfordrande oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling Hyggelege og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr. 532 300 - 583 900) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til

  • Fakultetsdirektør Øystein L. Iversen, tlf.: 945 03 953, e-post: Oystein.Iversen@uib.no, eller
  • Seniorrådgjevar Randi Sæbøe, tlf.: 55 58 95 39, e-post: Randi.Saboe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Velkommen som søkjar!

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS