Stilling:

Professor (50 %) i kunst med hovudvekt på skulptur / installasjon

Søknadsfrist 28.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor (50 %) i kunst med hovudvekt på skulptur/installasjon

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som professor (50 %) i kunst med hovudvekt på skulptur/installasjon i seksårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2019.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søker ein professor med spisskompetanse innan skulptur/installasjon med ambisjonar om å utvikle og utforske grensene for kva kunstpraksis innan dette området kan være, og med interesse for andre kunstnarlege uttrykksformer og mogelege koplingar mellom desse. Stillinga krev både teknisk kunnskap og evner til å omsette teknisk kunnskap til kunstnarleg praksis.

Den som blir tilsett må ha både omfattande kunstnarleg praksis og ei god teoretisk forståing for kunstfeltet. Vår nye professor må kunne arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid og kunne dokumentere kritisk refleksjon omkring kunstnarlege prosessar som ein kan ta inn i undervisninga.

Ved Kunstakademiet er skulptur/installasjon ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Den som vert tilsett må kunne rettleie på alle nivå og må og væra hovudrettleiar for studentar som arbeider med andre medium/uttrykk.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing av BA-, MA studentar og stipendiatar
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking
  • Delansvar for undervisningsopplegg innanfor fokusområdet skulptur/installasjon
  • Rekruttering av studentar på BA, MA og PhD nivå
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver

I stillinga er det viktig å ha kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar utanfor institusjonen. Den som blir tilsett må komme med innspel for å styrke den faglege debatten både på institutt og fakultet, og vere med på å profilere instituttet eksternt – mellom anna gjennom å utvikle faglege nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Stillinga vil kreve samarbeid med dei andre tilsette ved Kunstakademiet og tilsette ved andre miljø ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Det vil bli lagt stor vekt på perspektiv på kunstnarleg utviklingsarbeid generelt og innanfor fokusområdet skulptur/installasjon spesielt.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Perspektiv på fokusområdet skulptur/installasjon i forhold til kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Erfaring frå prosjektarbeid

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønnssteg 77 - 84 (for tida kr. 731.400 - 893.900 brutto i fulltidsstilling). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Aashild Grana på tlf. + 47 - 55 58 73 00

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS