Stilling:

Postdoktorstilling ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist 03.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Sosiologisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor. Stillinga er for ein periode på fire år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er undervisning, rettleiing og administrative oppgåver ved instituttet.

Om instituttet

Sosiologisk institutt - som ligg i kulturbyen Bergen med nærleik til vakker natur - tilbyr eit spennande miljø for forsking og utdanning i sosiologi. Det høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø. Instituttet har samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Undervisninga inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram, samt eit doktorgradsprogram. Forskinga ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar, og fagprofilen er brei med tre profilområde:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, integrering og mobilitet
  • Arbeid, klasse og utdanning

Det er ynskjeleg at den som blir tilsett bidrar til eit eller fleire av instituttet sine profilområde og forskingsinteresser. Sjå nærare presentasjon av forskinga ved instituttet her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d – grad eller tilsvarande kompetanse i sosiologi eller må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må ha kapasitet til sjølvstendig akademisk arbeid på høgt nivå
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, men og ha gode samarbeidsevner
  • Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Ved vurdering av søkjarane blir det lagt vekt på vitskapelege kvalifikasjonar, vitskapeleg tyngde og originalitet i det planlagde prosjektet og potensialet for kvalifisering til ei vitskapeleg toppstilling.

Den som vert tilset er forventa å busette seg ved Universitetet i Bergen og delta i dei ulike aktivitetane på instituttet. Vi ynskjer og at våre kandidatar har utanlandsopphald i løpet av post.doc. perioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59-62, (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet i staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200 til 544 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (med framdriftsplan, publiseringsplan og budsjett)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil 5 vitskaplege publikasjonar (medforfattererklæring er naudsynt ved medforfatterskap)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge. Søknaden må innehalde all informasjon som det skal takast omsyn til i vurderinga av søkjarens akademiske kvalifikasjonar. Søknaden skal merkast: 19/930. Søknader som ikkje er lasta opp i Jobbnorge vert ikkje vurdert.

Søknadsfrist: 3. mars 2019

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Liv Johanne Syltevik

Praktiske spørsmål omkring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar HR Even Michal Endresen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS