Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (Institutt for økonomi)

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for økonomi, Det samfunnsvitskaplege fakultet, er det ledig ei stilling som postdoktor ved Institutt for økonomi. Stillinga er for ein periode på 4 år, der 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Institutt for økonomi (www.uib.no/econ) er eitt av sju institutt under Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og PhD-grader i samfunnsøkonomi. Forsking og undervising ved instituttet dekker eit breidt spekter av disiplinar. Instituttet har forskargrupper på følgjande tre spesialområde:

  • Næring, finans og marknad
  • Velferd, trygd og helse
  • Åtferd, energi, miljø og utvikling

Den ledige stillinga er ikkje knytt til ei særskilt forskingsgruppe, men søkjarar bør ha ein forskingsprofil som passar inn i minst éi av gruppene.

Arbeidsoppgåver:

Det er venta at den som blir tilsett, skal styrke dei noverande forskings- og undervisingsprofilane ved instituttet. Vedkommande er venta å undervise og rettleie på bachelor- og masternivå, og å delta i andre aktivitetar ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i samfunnsøkonomi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Ved tilsetjingsdato må avhandlinga vere godkjent.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk og engelsk.

Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå www.uib.no/econ.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal gjera greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200 til 544 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden må merkast 19/3211.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Kjell Vaage (instituttleiar), epost kjell.vaage@uib.no, eller tlf. 55 58 92 06, mobil 908 52 830

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS