Stilling:

Postdoktor (Institutt for framandspråk)

Søknadsfrist: 1. april 2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Institutt for framandspråk har ledig ei stilling som postdoktor frå 1. august 2019 eller frå avtala tidspunkt. Stillinga er for ein periode på fire år.

Institutt for framandspråk har ni språkfag, og det blir forska og undervist i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk (www.uib.no/fremmedsprak . I tillegg til rundt femti fast vitskapleg tilsette, har instituttet fire postdoktorar, kring tjue ph.d.-stipendiatar og elleve administrativt tilsette.

Den utlyste stillinga er knytt til forskingsprosjektet "Re-assessing St. Birgitta of Sweden and her Revelations in Medieval England: Circulation and Influence, 1380-1530", eit prosjekt som er leia av førsteamanuensis Laura Saetveit Miles. Finansieringa kjem frå eit fireårig stipend under ordninga Unge forskartalent ved Noregs Forskingsråd. Prosjektgruppa har tre medlemar: prosjektleiar Miles, ein ph.d.-stipendiat og ein postdoktor (denne stillinga). Målsetjinga for prosjektet er å avdekke den breie innverknaden den svenske helgenen hadde på engelsk litteratur og kultur i seinmellomalderen. Forskingsarbeidet er konsentrert om fire arbeidspakkar, som heng saman med kvarandre:

1. Nettbaserte databasar: skape ein mangefasettert bibliografisk database med dokumentasjon, t.d. manuskript og tidlege trykte bøker (prosjektgruppa).

2. Nettverksanalyse: byggje opp ein nettverks-grafikk ut frå databasen (ph.d.-stipendiat).

3. Nye utgåver: gje ut tidlegare upubliserte mellomengelske omsetjingar av Birgittas Openberringar (Revelations) og tekstar knytte til denne (postdoktor).

4. Analyse: Ny kunnskap basert på 1-3 over analysert for å lage eit nytt narrativ om kvinners skriving i mellomalderens England, særleg knytt til Birgitta (prosjektleiar).

Prosjektet vil gje djupare innsikt i den rolla kjønn, forfattarskap og religiøs litteratur spela i denne perioden. Databasen, nettverks-grafikken og dei nye utgjevingane vil dessutan ha ei vidare betyding utanfor sjølve prosjektet.

Postdoktoren skal hjelpe til med å utvikle databasen saman med resten av prosjektgruppa, delta i det generelle arbeidet med prosjektet og, aller viktigast, ha ansvaret for arbeidspakke 3 saman med prosjektleiar Miles. Arkivbesøk finansiert av prosjektet vil vere ein viktig del av arbeidet.

Det er tre målsetjingar med arbeidspakke 3, Nye utgåver:

  • Transkribere og lage nettbaserte utgåver av utdrag og innskotne fragment frå Openberringar i andre tekstar (ei førebels liste med kring tjue tekstar, der kvar er på mellom 500 og 2000 ord, er sett opp av prosjektleiar). Tekstane vil bli publisert på heimesida til prosjektet.
  • Transkribere og lage ei kritisk utgåve av heile den mellomengelske omsetjinga av Openberringar som enno ikkje er redigerte, henta frå British Library, MS Julius F.ii. Arbeidet vil bli publisert i trykt form.
  • Samanlikne nye utgåver for å finne fram til forholdet mellom omsetjingane og den latinske teksten.

Søkjarar må sende inn ein prosjektomtale som gjer greie for teori og metode dei vil bruke for å nå desse målsetjingane, inkludert ein framdriftsplan for tilsetjingsperioden. Omtalen kan òg drøfte andre element søkjaren ser som viktige for postdoktorens rolle i prosjektet. Prosjektomtalen og framdriftsplanen skal ikkje vere på meir enn tre sider til saman (bibliografi kjem i tillegg).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad i engelsk litteratur, mellomalder-paleografi eller eit anna relevant felt. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen til stillinga går ut, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Gode kunnskapar i mellomengelsk, latin, paleografi, kodikologi og tekstredigering.
  • Kjennskap til digital redigering er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og gode samarbeidsevner.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på innsendte arbeid og på prosjektomtalen.

Dersom søkjarane har tilnærma like kvalifikasjonar, kan instituttet leggja vekt på strategiske vurderingar. Det vil òg bli lagt vekt på at søkjaren er motivert og skikka for arbeidet.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisera den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for stillinga er fire år, der eitt år er sett av til undervisning og administrative oppgåver og spreidd ut over den samla perioden. Undervisningsmengda i denne delen av stillinga svarar til ei universitetslektorstilling, og dekkjer i hovudsak britisk litteratur på bachelor- og masternivå. Dei administrative oppgåvene er knytte til Birgitta-prosjektet, og kan m.a. inkludere arbeid med nettsider, forskingskoordinering og organisering av samlingar og aktivitetar.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet innan tilsetjingsperioden er over.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknad skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV som inkluderer ei liste over eigne publikasjonar
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergraden og vitnemål for doktorgraden, eller stadfesting av at doktoravhandlinga er levert
  • Kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil tre sider)
  • Prosjektomtale, som skissert tidlegare i utlysinga (inntil tre sider, bibliografien ikkje medrekna)
  • Bibliografi for prosjektomtalen
  • Opp til 3 forskingsarbeid

Søknaden skal skrivast på engelsk. Vedlegg der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må omsetjast til eit av desse språka. Vedlegga må lastast opp i Jobbnorge, og dei kan vera i Word- eller pdf-format. Aktuelle kandidatar vil bli intervjua over Skype.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista, men i så fall skal søkjaren varslast før offentleggjeringa.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 1. april 2019

Merk søknaden; 19/2394

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS