Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i teoretisk biofysikk

Søknadsfrist: 30.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt og Computational Biology Unit er det ledig ei stilling som postdoktor i teoretisk biofysikk.

Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til PePrMInt-prosjektet (Peripheral Protein-Membrane Interactome). Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og leiast av professor Nathalie Reuter (https://www.cbu.uib.no/reuter).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PePrMInt-prosjektet tar sikte på å avsløre strukturelle og aminosyrefordelingsmønstre på membranbindingseter av perifere membranprotein for betre forståing av proteinlipide interactome-data. Prosjektet skal utvikle bioinformatikkressursar og statistiske rammer for analyse og prediksjon av perifere protein. Prosjektet er multidisiplinært og vi vil tilsette ein doktorgradsstudent (for fastfase NMR eksperimenter), ein programmerar, og to postdoktorar: ein i molekylmodellering (denne stillinga) og ein i bioinformatikk. Den som vert tilsett vil bruke molekyldynamikk- simuleringar for å kartleggje protein-lipid-interaksjonar mellom eit utval av perifere protein og lipidmembranar. Den som vert tilsett, vil også utføre fri-energi-berekningar for eit utval av perifere protein-lipid-interaksjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor teoretisk kjemi, teoretisk biofysikk eller teoretisk fysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Omfattande erfaring frå molekyldynamikk-simuleringar og fri-energi-berekningar er eit krav.
  • Kunnskap om statistisk termodynamikk er eit krav.
  • Kunnskap om biomolekylære atomistisk og grovkornet kraftfelt er ein føremon.
  • Erfaring frå arbeid med simuleringar av lipid dobbeltlag og membranprotein er ein føremon.
  • Erfaring frå arbeid med CHARMM- og NAMD-programvarer er også ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar, potensial og motivasjon for forsking vil verte tillagt betydelig vekt ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktorar knytt til eksternfinansierte prosjekt i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert dersom doktorgraden ikkje er oppnådd ved søknadsfristen
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Nathalie Reuter, Kjemisk institutt, tlf. 55 58 40 40

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS