Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i organisk syntese og legemiddelkjemi

Søknadsfrist 10.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan organisk syntese og legemiddelkjemi.

Stillinga er for ein periode på 4 år og knytt til prosjektet «Towards better computational approaches and responsible innovation strategies in early drug discovery: application to antibiotics and COPD» som er finansiert gjennom Senter for Digitalt Liv Norge satsinga innan BIOTEK2021 programmet til Noregs Forskingsråd. Prosjektet er del av eit tverrfagleg samarbeid mellom forskargrupper ved Centre for Advanced studies in Biomedical Innovation Law ved Universitetet i København, Institutt for data- og realfag ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for Biomedisin ved Det medisinske fakultet og Kjemisk institutt ved Det matematisk- naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskingsområdet vil vere delt mellom framstilling av nye sambindingar som hemmarar for ein protease som er eit lovande legemiddelmål i samband med kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og framstilling av nye sambindingar som ligandar for såkalla riboswitches. Riboswitches er regulatoriske einingar på bodbringar-RNA hos bakteriar og utgjer lovande angrepspunkt for utvikling av nye antibiotika.
  • Arbeidet vil inkludere utvikling av syntesemetodar for framstilling av stoffbibliotek basert på sambindingar som er identifisert via virtuell screening, fragmentbasert screening eller sambindingar som er utvikla frå lovande treff frå high-throughput screening. Kandidaten vil framstille stoffbibliotek for studie av samanhengar mellom struktur og biologisk aktivitet for dei to delprosjekta. Eit viktig element i syntesestrategiane vil vere fleksibilitet.
  • I prosjektet er det er eit mål å bestemme krystallstrukturar for ligand-RNA kompleks og hemmar-protease kompleks. Lovande sambindingar vil verte vidare utvikla gjennom strukturbasert design.
  • Kandidaten vil jobbe i team med andre syntese-, legemiddel- og berekningskjemikarar. Den biologiske testinga i prosjektet vil verte utført av andre prosjektmedarbeidarar samt eksterne samarbeidspartnarar.
  • Det er forventa at kandidaten deltek i rettleiing av master- og ph.d.-studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. –grad eller tilsvarande utdanning innanfor organisk syntese eller legemiddelkjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må dokumentere høg kompetanse og brei erfaring i organisk syntese. Ein bakgrunn i lækjemiddelkjemi vil vere fordelaktig.
  • Erfaring frå struktur-basert design vil vere ein føremon.
  • Søkjaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjekt vil vere ein føremon.
  • Det vil verte lagt vekt på at søkjaren har gode kommunikasjonsevner og er personleg skikka for stillinga.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt ha gode samarbeidsevner vil verte vektlagt.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Inntil 10% av arbeidstida kan nyttast for kvalifiseringsarbeid. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert dersom doktorgraden ikkje er oppnådd ved søknadsfristen
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bengt Erik Haug, Kjemisk institutt, telefon: 55 58 34 68

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS