Stilling:

Postdoktor i økosystemøkologi

Søknadsfrist 10.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i økosystemøkologi

Ved Institutt for biovitskap, UiB, er det ledig ei stilling som postdoktor i økosystemøkologi knytt til prosjektet EMERALD (Terrestrial ecosystem-climate interactions of our EMERALD planet) finansiert av KLIMAFORSK-programmet under Norges Forskningsråd. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til inntil 6 månadar beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Planter formar og blir forma av klimaet på vår smaragdgrøne planet. Klimaendringane forårsakar allereie vegetasjonsendringar og endringar i artenes utbreiingar, spesielt i nordlige miljø. Desse vegetasjonsendringane spiller igjen ei nøkkelrolle i klimasystemet gjennom tilbakekoplingar som involverer atmosfæren, jorda, og vatnsyklusen. Å forstå samspelet og tilbakekoplingane mellom økosystema og klimasystemet er ein viktig forskingsutfordring. EMERALD er eit stort forskingsprosjekt som skal konsolidere, strukturere og utvikle dette tverrfaglige forskingsfeltet ved å engasjere globale og regionale klimamodellørar, landoverflateprosessekspertar og økologar i ein felles innsats for å vurdere økosystemtilstand og dynamikk som følge av klimavariasjon og klimaendringar. Til dette arbeidet samlar EMERALD ei stort og tverrfaglig forskargruppe med ekspertise innan observasjonar, eksperiment, og modellering for å undersøke, forstå og føreseie økosystema sin respons på og tilbakekopling til framtida sitt klima. Fokus vil vere på høge breddegrader og boreal, alpin og arktisk vegetasjon, inkludert Svalbard, i ein større panarktisk samanheng. Betre forståing av disse problema vil muliggjøre betre predikasjonar av klimaendringar, samt hjelpe utforminga av forvaltningsalternativ for å redusere klima og miljøendringar.

Postdoktoren vil arbeide innunder i EMERALD Arbeidspakke 2, "Forbetra prosessforståing fra observasjonar og eksperiment" og vil være aktivt involvert i å stille saman eksisterande data og gjere nye målingar i eksisterande eksperiment og observasjonsystem for å forbetre prosessforståing og kvantifisering av klimaendringar og tilbakekoplingar frå terrestriske økosystem. Spesielt vil postdoktoren være involvert i å stille saman og samle inn data om nye plantefunksjonelle typar (PFT), biologisk mangfold og karbondynamikk (flux og lagre) frå eksisterande felteksperiment og observasjonelle system som for eksempel SeedClim, FunCaB, INCLINE, LandPress og TransPlant prosjekta (se https://www.uib.no/no/rg/EECRG).

Nærare bestemt vil postdoktoren få eit særleg ansvar for å:

  • delta i innsamling av feltdata frå eksisterande tidsseriar, og samle nye plante- og økosystem-nivå målingar frå EMERALD sitt rike tilfang av eksperimenter og observasjonelle studiesystem
  • stille saman, kombinere og kreativt analysere og / eller modellere effektane av klimaendringar på planter, vegetasjon, funksjonell økologi, biologisk mangfald og/eller økosystem, basert på EMERALD sitt tilgang av eksperiment, observasjonar, og data
  • delta i tverrfaglig forsking for å vurdere responsane og tilbakekoplingane frå vegetasjon til klimaendringar og klimasystemet
  • skrive og publisere vitskaplege artiklar i samarbeid med forskingsgruppa

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor plantesamfunnsøkologi, økosystemøkologi, landskapsøkologi, vegetasjonsmodellering, eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • den som tilsettast bør ha forskingsbakgrunn innanfor samfunnsøkologi, økoystemøkologi, funksjonell økologi, alpine økosystem, og/eller de økologiske konsekvensane av klima og miljøendringane.
  • erfaring med relevante analysar eller modellering, økosystemmålingar, feltarbeid, og plantetrekkanalysar er eit føremon.
  • søkjarar må ha ein relevant statistisk og / eller modelleringsbakgrunn, og evne til kritisk tenking og skriveferdigheter.
  • søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Særeigne krav for stillinga: Førarkort klasse B og evne til å gjennomføre feltarbeid i utmark.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år, med moglegheit for å auke tilsetjingsperiodentil inntil 3 år og 6 månadar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjonen for å søkje stillinga
  • Eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot prosjektet og arbeidsoppgåvene skissert ovanfor.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitenskap, telefon: +47 4730 1794, e-post: vigdis.vandvik@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS