Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i nanofysikk

Søknadsfrist: 19.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i nanofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til Bergen Offshore Wind Centre BOW.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Yteevna, og dermed energiavlinga, til vindturbinar er svært avhengig av integriteten til overflata til forkanten (leading edge) av turbinblada. Luftborne partiklar, spesielt regndråpar vil gjere at blada over tid eroderer. Dette er spesielt relevant i rotortuppen som har stor fart, og i denne regionen kan avanserte offshore vindturbinar ha ein fart på over 80 m/s.

For å hemme eller minimere effektane nemnt over brukar ein elastomeriske belegg som beskyttar forkanten. Levetida til desse belegga er avgrensa og kan ikkje bestemmast nøyaktig. Den dominerande mekanismen som fører til erosjon på forkanten er svekking av materiale grunna gjentatt belastning, å søkje etter nye belegg som kan auke levetida til vindturbinblada er dermed viktig.

Målet med dette prosjektet er å undersøkje og utvikle eit nytt «chemical vapor deposition» (CVD) polykrystallinsk diamantbelegg på karbonfiber-komposittmateriale som eit potensielt beskyttande belegg til forkanten til vindturbinblada. Fokuset vil vere å finne den beste beleggmorfologien med maksimal adhesjon- og slitestyrke.

Prosjektet vil vere ein del av den interdisiplinære Bergen Offshore Wind Centre BOW.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor fysikk.
  • Erfaring med prosjektstyring innan forsking etter fullført ph.d er eit krav
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, men samstundes kunne samarbeide med andre.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Då denne stillinga krev kontakt og samarbeid med norsk industri, vil gode norskkunnskapar vere ein fordel (men ikkje eit krav).

Særeigne krav for stillinga:

Søkjarar må ha:

  • Erfaring med design, utvikling og konstruksjon av mikrobølgjeplasma CVD system for deponering over store areal over eit breitt temperaturområde
  • Erfaring med groing av mikrokrystallinske, nanokrystallinske og ultrananokrystallinske CVD diamantbelegg ved hjelp av mikrobølgje plasma CVD system
  • Erfaring med ulike overflate så-teknikkar (substrate seeding techniques) før CVD
  • Erfaring med modellering og simulering av mikrobølgje plasma CVD system
  • Kjennskap til høg-vakuum teknologi
  • Erfaring med karakteriseringsteknikkar som elektronsveipmikroskopi, atomkraftmikroskopi etc.

Det er ein fordel om søkjarar har:

  • Dokmentert erfaring med søknad og innhenting av ekstern finansiering
  • Erfaring med rettleiing av bachelor- og masterstudentar
  • Kjennskap til C++, LabVIEW, og simuleringsprogrammet COMSOL Multiphysics

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS